Tida går, og det har ikkje dukka opp for mykje her på bloggen. Det er vel heller tvitring ein bør hive seg på i følge trendane. Men det vert nok ikkje..
Ville berre legge ut eit lite bilete frå juletida. Hadde ein flott juleferie saman med familie og vener. No er det lenge til neste ferie, så det er greit å kose seg med litt bilete frå forrige ferie. Heldigvis skal eg og Tore på ein liten storbyweekend snart, -årets julegåve frå mannen, så det vert bra!

Her er bilete av første tantebarnet på mi side av slekta – Blid som ein solstråle! Og ei stolte farmor..
Då var det igjen tid for adventsmånaden, julemånaden. Fylt av varme, glede og stearinlys. Familiehygge og gode middagar. Forventningar og spenning. Stillheit og kram snø. Mandarinar og godteri.
Men dessverre også ei ekstra sterk kjensle av einsemd, utryggheit og uro for nokre. Måtte desember bringe med seg meir omsorg, openheit og varme. Og lat oss ikkje hige etter alt det materielle. Eghåpar vi kan prøve å gi ei julegåve som verkeleg trengs, støtte opp om gode og bærekraftige tiltak og gi til dei som treng det meir enn oss.
Trykk på linken for å høyre ein flott versjon av ein av dei vakraste julesongane eg kjenner til; Mitt hjerte alltid vanker.
Bugge Wesseltoft
Tore og eg har snart budd i vår nye leiligheit i ein månad no.
Vi trivast begge veldig godt med å bu meir sentralt enn på Ås. Kjem oss stadig meir i orden, og det meste av ting og tang er kome på plass. Ventar på mellom anna at sofaen vår skal kome, samt manglar ein del bilete på veggane. Men alt i alt synast vi at vi har vorte vel etablerte :) Gledar oss til mykje besøk framover.
Legg ut nokre bilete av leiligheita, sidan fleire har vore nysgjerrige.
Klikk på bileta for å få dei større.
Vi held på tida på med noko særs spennande, nemleg å flytte inn i vår eiga leiligheit! :) Vi har dessverre ikkje internett der for tida, ei heller noko særlig tid til oppdateringar.
Men bilete og meir oppdateringar kjem!
Det har heldigvis ingen av oss fått.. Ikkje enda, og vi håpar heller ikkje at det kjem.
Ferien har starta, og foreløpig er det “feriering” heime i Ørsta med førebuingar til bryllaupet.
Ta ein kik innom bryllaupsbloggen: toreogsissel.wordpress.com
Vi gledar oss til den store dagen!
Når eg flyttar frå Bergen, må eg dessverre oppgi dei to ulike fiolinaktivitetane eg har drive med siste året. Dette vert sjølvsagt vemodig. På dei eine sida var det speling og koring i rock/pop/electronicabandet funin. Og i den andre enden av skalaen, klassisk fiolin av Bach sine sonater med pianisten S-E. Vil sakne samspelet. Men heldigvis finnast det arenaer i hovudstaden for å kunne utøve litt felespel reknar eg med.
Eg likar utruleg godt april og mai månad. Mykje kjekt har skjedd, og vi har fleire fine ting i vente framover.
Det er lite oppdateringar her på denne bloggen, men ta gjerne ein kik innom bryllaupsbloggen vår; toreogsissel.wordpress.com
Det har periodevis eg. Men ikkje som i denne Youtube-videoen frå Japan.









Nye kommentarar