Tida kom til meg og..

Det skulle gå dagar, månedar, nesten år frå eg høyrde om bloggskrivarar til eg vart ein sjølv. Før tenkte eg at dei som skriv slikt må vere folk utan noko liv. Folk som ikkje har betre å gjere på enn å sitte framfor ein dataskjerm. Folk som likar å brette ut privatlivet sitt for heile verda. Kjedlege folk. Eller folk med mykje på hjertet.

Ja, kanskje er det slik. Og då har i alle fall eg og vorte eit slikt 'folk'. Eg sit ofte framfor datamaskina i håp om å gjere skulearbeid og den slags. Men det er kjekkare å skive blog. Det går raskare å skrive dette enn å skrive oppgåver. Kan hende ikkje like oppbyggjeleg, men dog kjekkare. Så berre vent på resten..

3 kommentarar til “Tida kom til meg og..”

  1. Flotte greier! Reknar med det kjem oppdateringar og bilete frå kvardagslivet i heimen på rekke og rad her.. ;) Køyr på!

  2. runar Øye Seier:

    YO!!!

    Kjekt å sjå at du he fått dej bloggside!!

    Full vinter her på Sunnmøre no.

    Mykje snøv til påske e bra. Va på skitur på fossholtinden i går Du so lese dette her kan nå finne ut kar den ligge hen… Steikjara bra tur iallefall.

  3. Såg bilde på nettet ta tinden. Ser ut som en bra topp det!
    Ekje mykje snøv her dessverre.. men fe håpe det ligge heime til påske!

Legg att eit svar