Følte for å legge ut eit lite dikt av ein av mine favorittdiktarar, Anna Skeide. Diktet er henta frå samlinga "Dansen går vidare" (1974). Må få seie at dette ikkje er av dei aller beste dikta ho har skreve, men det passar godt sidan det er 1.juni i dag, og starten på det første sommarmånaden..
Utanfor er sommaren
Den skeive eldhusdøra
sprikjer
med svarte naglar,
klinka er ru og rusta.
Innrøykte plankar
løfter ein låg himmel
over det lange grå bordet
blankt som vatn under støvet.
Stilla er ein mur
av alt det ein ikkje veit,
det luktar gammalt jarn
og sløkte eldar.
Set slå for døra
la tida male draumar
til dust,
utanfor er regnslørd
sommar.
Utanfor er elvefiskaren
som kastar snøret
mot blinkande lyn
i straumkvervlar
og djupe hølar.
