Utanfor er sommaren

Følte for å legge ut eit lite dikt av ein av mine favorittdiktarar, Anna Skeide. Diktet er henta frå samlinga "Dansen går vidare" (1974). Må få seie at dette ikkje er av dei aller beste dikta ho har skreve, men det passar godt sidan det er 1.juni i dag, og starten på det første sommarmånaden..

Fjøsangerveien

Utanfor er sommaren

Den skeive eldhusdøra
sprikjer
med svarte naglar,
klinka er ru og rusta.

Innrøykte plankar
løfter ein låg himmel
over det lange grå bordet
blankt som vatn under støvet.

Stilla er ein mur
av alt det ein ikkje veit,
det luktar gammalt jarn
og sløkte eldar.

                      Set slå for døra
                      la tida male draumar
                      til dust,
                      utanfor er regnslørd
                      sommar.
                      Utanfor er elvefiskaren
                      som kastar snøret
                      mot blinkande lyn
                      i straumkvervlar
                      og djupe hølar.

2 kommentarar til “Utanfor er sommaren”

  1. Stemn ingsfullt, hekje høyrt dikte før faktisk, men likte de! :)

    Ekje akkurat sommarstemning for tida, elle kanskje de e de likevel, då i form av regnfull sommar.. (so for so vidt ikkje e et ukjendt fenomen). Regne plaska ute, men ej sitte inne me tekopp pledd å ei go bok. Ekje so verst de heller. :)

  2. Anar eg eit snev av heimlengsel?
    Håper du held ut nokre dagar til i Bergen(vi ventar deg ikkje heim enno!)
    - men det skal no bli kjekt å få deg heim. Men du må prøve å få til den eksamenen før du kjem! Sender deg (på mail) eit bilde av ei “gala kjerring som var i 50 års dag på laurdag, så kan du kanskje lure på om du skal vere i Bergen litt til!

Legg att eit svar