Arkiv for 4 juni, 2006

Årets sommarlåt?

Posted in Underhaldning on 4 juni, 2006 by Sissel

Det nærmar seg sommaren, og i den forbindelse hadde det vore kjekt å kartlegge kva for ein song du synst fortenar tittelen "Årets sommarlåt"?

- Dette treng ikkje vere ein ny låt av året, det kan sjølvsagt vere ein god, gammal klassikar. Dersom eg får inn nokre forslag etterkvart, kan det hendast at det vert laga ein absolute-mega-sega-summerhit-collection, som kanskje du kan få ein kopi av? :)

Stille søndag..

Posted in Kvardagsliv on 4 juni, 2006 by Sissel

DueDet er visstnok pinse denne helga. Det holdt på å gå meg hus forbi, då det ikkje er skilndad på helg og veke no for tida.. Framleis er eksamenskonsentrasjonen lik null, så har ikkje fått gjort noko særleg på den fronten i det siste.

I helga har Ingvild vore på besøk, så i går var vi på cafe. Koseleg! Inga + resten av gutta (dvs. Ottar, Kristian, Lars og Svenno) var her på kvelden.. Andrea er ferdig med eksamenar, og reiste difor på billigtur til Italia i går. Eg og May Beate skal vere her til ca. 15 juni.. Litt rart når alle berre forsvinn heim på ferie, men slik er det berre. Det går liksom ikkje heilt opp for meg at folk kan ha ferie no.. Det er i alle fall ikkje til å legge under ein stol at eg gledar meg til eg er ferdig med dette første året! :)