Stille søndag..
Det er visstnok pinse denne helga. Det holdt på å gå meg hus forbi, då det ikkje er skilndad på helg og veke no for tida.. Framleis er eksamenskonsentrasjonen lik null, så har ikkje fått gjort noko særleg på den fronten i det siste.
I helga har Ingvild vore på besøk, så i går var vi på cafe. Koseleg! Inga + resten av gutta (dvs. Ottar, Kristian, Lars og Svenno) var her på kvelden.. Andrea er ferdig med eksamenar, og reiste difor på billigtur til Italia i går. Eg og May Beate skal vere her til ca. 15 juni.. Litt rart når alle berre forsvinn heim på ferie, men slik er det berre. Det går liksom ikkje heilt opp for meg at folk kan ha ferie no.. Det er i alle fall ikkje til å legge under ein stol at eg gledar meg til eg er ferdig med dette første året! :)
9 juni, 2006 kl. 3:09 pm
Ciao!!
Ohlala, no sitte ej faktisk i Firenze paa en internettkafe! Maatte ha ei pause fraa all kulturen aa historia so e rondt mej for aa sjekke korleis stoda heime va! He de fint, e passeli solbrende, aa ete masse go italiensk is! Nei, no maa ej ut i gatene aa leve la dolce vita litt meir, men ha de flott, hels ne Mama-May!
Arrivederci!
9 juni, 2006 kl. 10:59 pm
Kjekt å høyre frå dej andrea! Høyrest ut som du kosa dej! :)
me snakkast om ikkje lenge..