Arkiv for 9 juni, 2006

Verdsmesterskap

Posted in I det filosofiske hjørnet on 9 juni, 2006 by Sissel

VM-logo.gifI dag byrja VM i fotball, og det fortenar ei lita bloggmerksemd. Det er trass alt 4 veker med totalt kaos. Eller total glede for andre. 

Faktisk synast eg at det er godt å slappe av og sjå på litt fotball. Eg må innrømme det. Etter eit år saman med May Beate har eg nok vorte meir og meir glad i å sjå på fotball. Eg likte det trass alt godt i min tidlege barndom, men så skjedde det noko og eg berre datt av lasset. Men fotball er gøy det! Sjølvsagt likar eg ikkje den ekstreme overfokuseringa på det, det kan til tider verte litt for mykje av det gode. I alle fall når viktige nyheiter kjem i andre rekke..

Men fotball er ein fin ting, som knyter folk frå alle nasjonar saman. Fotball er ideelt til å brukast for å forbedre verda. Berre ein hadde fått omstrukturert heile greiene litt, så kunne ting vore annleis. Ikkje at eg har noko løysing her akkurat.. Men sjå for dokke at all reklamen vart fjerna, og all reklame og sponsorar berre var idealistiske. Og at store delar av pengane gjekk til ideelle føremål. Det hadde vore noko det! :)

Men enn så lenge så skal eg kose meg med å sjå på kampar. Får berre håpe det ikkje skjer ei eller anna naturkatastrofe i løpet av den neste månaden. Då er eg redd heile verda ville ha snudd ryggen til. Det er trass alt fotball-VM, og det kan vi for all del ikkje gå glipp av..