I alle fall denne våren. Det har vore knallfint veir her i helga, med strålande sol og varme. Det er slikt ein likar, og uansett om ein eigentleg skal lese til eksamen, kan ein ikkje gå glipp av ei slik moglegheit.
Eg og Sveinung gjekk opp på Fløien, over vidda og til Ulriken. Fin tur, sol og god vind. Og litt for mykje folk. Men slik er det vel på den mest trafikkerte fjellruta i byen.
Uansett, takk for ditte året!
