Etter ein særs lang busstur i går, er eg no atter å finne i dei heimlege trakter. Det var som vanleg eit herleg syn som møtte meg då eg kom til Ørsta kommune: Tett skodde som låg heilt ned i fjella, regnbyger, rånarar på rad og rekke, kaule på Shell og alt som høyrer med til ein ekte bygdeby. Likevel gildt å vere heime til nysteikte brød, familie- og venesamvær. Veiret og rånarane er som kjent ikkje så mykje å gjere noko med..
Planane mine framover er at eg byrjar på jobb i morgon. Skal jobbe litt sporadisk i 2 veker, med ein del fri inni mellom. Så vert det Frankrike 3 juli, før det vert full jobbing frå 12 juli og utover til skulestart.. Satsar på ein fin sommar! :)
