Arkiv for oktober, 2006

Siss in the city

Posted in Kvardagsliv on 30 oktober, 2006 by Sissel

Sjølv om eg bur i byen, er det ikkje kvar dag eg bevegar meg i den harde sentrumskjerna. Oftast syklar eg berre opp til skulen. Og trillar ned igjen når skuledagen er ferdig. Eg gjer innkjøpa mine på Rema 1000, 2 min. frå døra, og kjøper frimerker på Posten 3 min. herifrå.

Men i dag tok eg meg dei 20 minutta det tek å gå til sentrum, berre for å vere litt urban. Eg leverte inn nokre notar på biblioteket. Fantastisk at ein kan låne så mange notar ein vil, av alle slags komponistar! Slikt går berre an i byar (og dersom du har har gode kontakter i musikkskulen heime! ;) ) Eg sette meg ned på biblioteket og studerte nokre timar. Begynte å førebu meg til neste forelesningsemne; Helse- og sosialpolitikk. Sat i ein god og mjuk stol, med utsikt ut vindauget. Dermed kunne eg sjå alle slags rare folk gå forbi. Det er noko av det kjekkaste med å bu her – å sjå på mangfaldet av folk!

Så gjekk eg mot torgalmenningen. Rusta meg med studentpakke nr.1: Kaffi i pappkrus, cookies, paraply og nokre kupp frå Platekompaniet. Hang der ei stund, trudde eg var kul.. Så bar det heim i regnveiret. Etter ein dag i den store verda var det godt å kome heim til leiligheita.

bilde-035.jpg

Øs pøsande regn!

Posted in Diverse on 26 oktober, 2006 by Sissel

I det siste veit eg ikkje heilt kvar eg har vore. Det har vore så mykje å gjere i forbindelese med praksis. Og elles i fritida også. Ikkje minst tek det på å ha ein liksom-isfront gåande, og i tillegg verte beskulda for å drive med PR-stunt. Men slik er livet.. Og det einaste ein kan gjere er å ta det med ei klype salt og eit smil :)

I dag då eg vakna visste eg endeleg kvar eg var. Det styrtregna utanfor. Det rann ned, akkurat som Bergen skal vere. Grått, trist og regnfullt. Det er i alle fall det biletet mange har av byen. Men heldigvis er det noko meir nyansert enn det. Bergen har hatt mykje bra veir i det siste. Og kven seier forresten av regn ikkje er bra veir? Uansett kva meiningar ein har om Bergen, vil eg i alle fall påstå at det er ingen stadar regnet er så vått som i Bergen. Ikkje ein gong heime på Sunnmøre..

Tips for regnvåte haustdagar:
- Ta på deg høge støvlar og hopp i søylene (=sølepytt, for deg som ikkje heilt forstod)
- Tenn stearinlys
- Ikkje tenk at hausten/vinteren er noko negativt
- Samle lauv og lag bilete/kort og send til nokon, evt. samle dei i herbarium (for dei meir nerdete)
- Kos deg med ein kopp te i samvere med gode vener

bilde-096.jpg

No har ho gjort det igjen

Posted in Andrea øydelegg livet mitt on 24 oktober, 2006 by Sissel

Eg følte det var på tide å opprette ein ny kategori til mine mange innlegg her på bloggen. Som nokon nemde i eit lystig lag i helga, kjende dei ein viss isfront mellom to av bebuarane her i fjøsangervegen. De kjenner alle til episoda med nøkkelen. Og om ikkje det skulle vere nok, så klarte Andrea å rive av eit klistremerke frå stiftemaskina mi i dag,  som har hengt der i over 10 år! “E de muli?” seier berre eg..

Har nokon andre opplevd liknande episoder med Andrea? Har du generelle kommentarar om henne? Ver vennleg å ta kontakt!

Endeleg fri!

Posted in Andrea øydelegg livet mitt on 21 oktober, 2006 by Sissel

Nøkkelen er funnen att, og eg kan igjen bevege meg ut i gatene i Bergen :)
Skal ikkje nemne namn, men ei eg bur med hadde lagt den frå seg på vaskerommet.. Men eg ber ikkje nag!

Her er ein nydleg stad eg ofte gjeng gjennom, utanfor sjukehuset og skulen min:

bilde-127.jpg

Låst meg inne!

Posted in Kvardagsliv on 20 oktober, 2006 by Sissel

No sit eg heime ein fredagskveld. Ikkje noko gale med det igrunnen. Men eg skulle eigentleg vore ein annan plass. Sambuarane mine reiste på overnattingstur i ettermiddag, og eg var klar til å reise på ekstraøving på orkester. Men då eg skulle til å gå, fann eg ikkje nøkkelen min! Eg leitte og leitte, men fann den ikkje. Fann det heile særs merkeleg då eg brukte nøkkelen til å låse meg inn berre nokre timar tidlegare. Det heile enda berre opp med at eg må halde meg heime enn så lenge. Kan ikkje gå opp på loftet for å henge opp klede eingong, for då kan det hende døra smekkar igjen, og eg må sove ute i steintrappa..

Litt rart å vere innestengt i si eiga leiligheit! Men det må vel opplevast det også.
Helga kan i alle fall berre verte betre etter dette! :)

Systå på besøk

Posted in Kvardagsliv on 13 oktober, 2006 by Sissel

Heime har dei haustferie, og i den anledning har eg besøk av Heidi nokre dagar. Ho vart med nedover etter at eg reiste ned igjen til Bergen på onsdag.
Kjekt å ha besøk! Og heile leiligheita er faktisk full av sunnmørsjenter denne helga. May Beate har reist på weekend til Skottland, og dei to systrene til Andrea er på besøk.

dscn1652.JPG 
- Kristina, Klara-Marie og eg utanfor Ikea. Vi slenger i oss eit par pizzastykke midt i bilvegen, før neste post på programmet :)

Vi hadde det veldig fint i helga, var mellom anna heime og kosa oss med brownies, is og film. På torsdagskvelden var vi på teater; Macbeth av Shakespeare. Artig og moderne utgåve av det. Og eg har faktisk ikkje vore på teater her i Bergen før, så det var verkeleg på tide. På fredagen var Heidi på besøk med Stine og Kristianne på Framnes. Laurdag reiste vi,  saman med Sæveruds til Åsane. Der var vi innom KRIK sin fotballcup og helste på litt folk og fekk med oss pausa og nokre kampar. Så handla vi sjølvsagt litt. På kvelden var vi først på kino; Fritt Vilt (anbefalast!) og såg på bergen sitt uteliv i dei seine nattetimar. Plutseleg var det søndag, og veka var over. Då reiste systå, og eg måtte jobbe iherdig med ei oppgåve som skulle leverast måndags morgen.

Her er nokre bilete frå helga:

raudsykkel1.JPG            lyktestolpe.JPG
Heidi på min fine sykkel                 Sissel og lyktestolpen

Dagen då alt hende..

Posted in Kvardagsliv on 3 oktober, 2006 by Sissel

3 oktober kjem til å verte huska i lang tid framover. Både på godt og vondt..
Morfaren min døydde i dag, etter at han har vore sjuk ei stund. Han vart 87 år gamal, så det var verkeleg ein bra alder. Eg og søskena mine har vore fantastisk heldige og hatt alle dei fire besteforeldra våre heilt fram til no.
Eg har det fint her nede, men gledar meg til å reise heim ein tur til familia.

Legg inn eit lite bilde av morfar, på sin gamle moped som han kjørte til butikken med:

morfar2.jpg

I dag reiste også broren min og svigerinna mi på tur til Sør-Amerika. Dei skal ikkje berre vere vekke på ein liten ferie, men faktisk i heile 7 månader. Så dei vert nok ganske mange opplevingar rike etter den turen! Skulle gjerne ha reist bortover for å besøke dei..
Elles har dei oppretta reiseblogg, så det er berre å trykke på linken på sida.

Webmaster-problemer

Posted in Diverse on 2 oktober, 2006 by Sissel

Har merka at det har vore lite kommentar å lese på sida i det siste.. Og ingenting er kjeldligare enn det for ein stakkars bloggar.
Men så gjorde Eirik meg merksam på at innstillingane mine var feil, og det kan vel kanskje forklare eitt og anna. No skulle imidlertid alt vere i orden, så eg set pris på om du legg inn kommentarar framover og oppdaterar meg på kva DU gjer på for tida.. :)