Arkiv for desember, 2006

Ei retteleg god jul til til alle!

Posted in Kvardagsliv on 23 desember, 2006 by Sissel

Med denne posten vil eg ynske alle ei god jul! Både dei som stadig vekk er inne å kikar på bloggen, og dei som er meir tilfeldig innom. Det gjer godt å sjå/vite at folk set pris på det eg skriv, sjølv om det er noko sjølvsentrert (noko bloggar kanskje skal vere?)

For å gje den rette julestemninga, tenkte eg å belyse noko frå yndlingsfilmen min;

 overskrift4.gif

Fantastisk film som berre må sjåast kvart einaste år. Den er frå 1973, og er laga i det tidlegare Tsjekkoslovakia. Prinsen (og Askepott for den saks skyld) er like vakre kvart år, men dessverre har nok tida sett sine spor i desse også. Berre sjå her:

safrankova.jpg    
Libuše Šafránková i sine glansdagar

kotf3256_libuska.jpg
Framleis prinsesselooken 30 år etter..
———————————————————————

 image13.gif
Pavel Trávnícek som prinsen (merkeleg nok var det få bilete av han på nettet). 

 travnicek-foto.jpg
Godt grå i håret her ja..

Ha ei velsigna god julehøgtid! Og ikkje foret dokke på all den gode julematen..

Sveinung kom overraskande!

Posted in Kvardagsliv on 22 desember, 2006 by Sissel

I går kom eg seint heim. Eg såg at lyset og tven stod på i stova. I det eg opna døra, slengde eg ut ein halvformanande kommentar til veslesystå, som eg trudde sat i godstolen; “Ka du gjer oppe no so seint??” Men så såg eg til mi store forskrekking at det var Sveinung som hadde kome heim, 1 veke tidlegare enn planlagt. Og då vart kommentaren om kva han gjorde oppe så seint, noko malplassert. Tenkt å halde det hemmelig at dei faktisk skal feire jula i Noreg likevel..

Uansett vart me veldig glade for at storebroren kom heim til jul. Og Kristine kjem oppover i romjula, så då vert vi alle samla. Det verte visst jul i år også! :) No reknar eg med det vert bilete og historier frå det store utland utover heile jula..

blogg2.jpg
Ein av dei siste gongane alle tre søskena var samla..

Så vart det kvitt likevel..

Posted in Kvardagsliv on 18 desember, 2006 by Sissel

184_8460.JPG 

Snøen har lava ned i heile dag. Endeleg vart det kvitt ute. Han er ikkje av beste kvalitet, litt for våt og tung, men det er likevel snø. Håpar den får ligge minst til julafta, om ikkje lengre!

Nokon grubla over dette i går. Ho som sa dette til meg ville så gjerne at det skulle begynne å snø, men når den kom i elingar og halvregn, då ville ho at den skulle tine vekk igjen snarast! Så det er nok sant det ein seier om at graset alltid er grønare på den andre sida. Men enn så lenge vil i alle fall eg ha snø. Store mengder kvit og fin julesnø!

“Bås” fullstendig på avvegar!

Posted in Kvardagsliv on 15 desember, 2006 by Sissel

Torsdag 14 desember:

Nyheitssak: Opptil 7 bossdunkar låg midt ute på E39 i morgonrushet
Mistenkte: Ikkje pøbelskap, men berre vinden
Takk til: Mannen som ofra livet sitt for å få dunkane vekk frå vegen og inn på midtrabatten..

Vidare oppfølging: På kvelden fekk me 3 vite om dette frå Eli i etasja over og gjekk for å hente bossdunkane vore midt på 6-feltsvegen utanfor huset. Då eg og Andrea hadde kome oss velberga over, fann vi ut at dei tre dunkane som stod der ikkje tilhøyrte oss, men naboane! Følte me hadde nesten ofra livet for ingenting. Kontakta naboane for å orientere dei og sjekke om dei hadde teke feil av dunkane. Dessverre ingen napp der. Me gjekk rundt og leita litt, og fann vore eigne tilslutt. Dei hadde vorte plasserte mellom busstoppet og Bien bar. Trur ingen av oss har vore så glade for å sjå bossdunkar før, som til og med hadde rett husnummer på!

Fleire ting som skjedde rett før me drog heim kan du lese om her.

bilde-042.jpg  bilde-046.jpg
Berre 1 av 4 dunkar før oppdraget starta. Andrea smilte glad då me fann dei igjen!

Vinterens vakraste eventyr?

Posted in Musikk on 6 desember, 2006 by Sissel

Dette er ei overskrift som får deg til å tenkje. Kva er det no ho Sissel har opplevd som er verdt å kalle noko slikt?

Faktisk så har eg ikkje opplevd det enda. Det er noko som skal kome til å skje. Andre søndag i advent, det vil seie no på søndag. Då skal nemleg orkesteret eg spelar i ha konsert i Sælen kirke, rett utanfor Bergen sentrum (buss 31 til Varden, kl. 17.50 frå Olav Kyrres gate (det går dessverre få bussar på søndagar).

Eg kan ikkje love det eg det vert den mest fantastiske konserten du nokonsinne har vore på, men eg trur det vert ein gjev konsert likevel.

Programmet er fritt for sviskete julesongar, og inneheld heller tidlause klassiske songar frå ulike epoker:
Schumann – 4. symfoni
Beethoven – Prometheus-ouverture
Haydn – Konsert i C dur for fiolin

 bilde-067.jpg

Håpar du som befinn deg i Bergen har lyst til å kome på konsert denne kvelden. Alle har godt av å høyre litt klassisk og ta ei velfortent avkopling frå eksamenslesinga. Og tenkjer du at du ikkje har tid? Det er berre snakk om priotiteringar. Velkommen på konsert! :)

Kva: Konsert med Universitetets Symfoniorkester
Når: Søndag 10 desember
Kvar: Sælen kirke
Pris: 120/80 spenn

No er konserten over, og det gjekk særs bra! Både heilheita, solisten, dirigenten og min eigen innsats i orkesteret var upåklageleg. Ikkje for å skryte altså.. No vert det i alle fall juleferie med felespelinga.

1.desember

Posted in I det filosofiske hjørnet on 1 desember, 2006 by Sissel

No nærmar jula seg med stormskritt. Det kan ein merke overalt. Lysestakane har kome opp i glasa. Juletiboda på Rimi heng med stor skrift. Julelysa blinkar mot deg. Bakpå kvitteringa til Mega ynskjer nissen deg god jul. Ein hest med dombjellene klinger utanfor fjøsangervegen. Overalt er det jul, jul, jul. Men veit eigentleg folk kvifor me feirar jul? Trur dessverre det er mange som brukar jula som ei unnskulding til å bruke mest mogleg pengar, drikke seg dritings på julebord, kjøpe unyttige ting, pynte med allslags juggel og tulleri. Ein gedigen kjøpefest, for å feire nissen!?
julenisse.gif

Ein ting er greit nok. Når me no har bikka desember skal det vere lov å tjuvstarte på julestemninga. Smake på dei første mandarinane, følge med i julekalenderen og starte gåvehandelen. Men eg er allereie lei av marsipanen og julepynten som har vore i salg sidan september. Håper nokon kan gi oss jula tilbake, og få fokuset tilbake på kva jula verkeleg dreiar seg om. Ei høgtid saman med familie og vener for å feire at Jesus vart fødd.Ha ei fin adventstid!