I løpet av den siste veka har me hatt 3 nesten-ulykker her i heimen, alle knytta til det varme element. Så difor vert spørsmålet me her i heimen må spørje oss: Skal me bytte ut Andrea med ein heit brannmann??
Det kunne ha vore ein god avtale, då desse episodene kunne ha vore unngått:
1. Røyklagd kjøkken og heftig brannalarm pga. svartbrent havregraut (og då snakkar eg ikkje om litt brent graut i botnen, – heile innhaldet var svart!)
2. Over 30 grader celsius på kjøkkenet, fordi steikeovnen stod på med døra open.
3. Overkoking av melk/kakao som forårsaka mykje gris på keramikktoppen vår.
Kanskje me skal ha ei avstemming på om Andy må ut? Lage ei slags realityserie? Det er trass alt farleg å bu i same hus som henne.. Men samstundes må det seiast at ho er ei bra jente på mange (andre) felt. Så desse hendingane bør vel berre plasserast i sin rette kategori, skape litt blest for å hjelpe oss til å få ut litt frustrasjon. Og så kan me gløyme alt saman – og atter vere gode vener! :)
Men eit tips til alle der ute: Pass alltid på komfyren (og dine sambuarar), ikkje la stearinlys brenne utan tilsyn og alt det der..









