Arkiv for februar, 2007

Helgetur

Posted in Kvardagsliv on 27 februar, 2007 by Sissel

I anledning vinterferien som eg ikkje har, reiste eg til Naustdal for å besøke Sveinung og Kristine i helga. Heidi hadde fri, og hadde lenge planlagt at ho skulle reise, så då heiv eg meg på bussen eg og. Veldig kjekt at “ungane” var samla igjen :)

Fint å endeleg sjå  korleis det stod til med oppussinga. Elles vart det mykje god mat, avslapping, lesing, og filmsjåing. Takk for ei bra helg!

bilde-084.jpg bilde-077.jpg
Kristine målar i nye huset.                   Svi i gamlestova..

Tidsbruk

Posted in I det filosofiske hjørnet on 18 februar, 2007 by Sissel

Tidsklemma har kome over meg. Eller har ho det? I alle fall har prioritering vorte ein ting eg må arbeide litt med. Eg bør bli flinkare til å utnytte tida i praksis til å lese på teori. Merkar at ting ikkje sit heilt der dei skal. Men klarer eg det? Nei! (Ikkje foreløpig).

 

Hjerna klarer nemmleg alltid å finne noko anna å bruke tida på. Og det er alltid viktig og konstruktivt. Uansett kva det er, kjennest det der og då ut som det mest sjølvsagte å bruke tida på. For å kunne bearbeide dette og fokusere litt på lesinga, listar eg opp ting eg ofte gjer når eg vil unngå å gjere det eg eigentleg skal:

- Skrive på bloggen/ymse andre nettsider
- Sitte på internett utan mål og meining
- Betale (unødvendige?) rekningar
- Ete sjokolade/anna snop
- Skravle med sambuarane mine
- Vaske opp, rydde rommet
- Skrive lister over ting & tang
- Henge opp post-it lappar
- Handle på Rema/rimi/mega
- Loppe meg for pengar på platekompaniet
- Bake
- Rense gullfiskbollen
- Trene
- Øve på fiolin
- Klimpre på gitaren
- Oppdatere filofaksen (“Sissel e alltid so opptatt”
- Vaske mugg frå hjørnet på rommet
- Laste ned songa/filmar
- Vaske/henge opp klede (tek aldri slutt..)

 Eg ser på denne lista at den inneheld ein del ting som faktisk er konstruktive. Men det som ikkje er det skal eg prøve å luke vekk. Og heller bruke litt meir tid på lesing, og kanskje verte flinkare til å ringe vennane mine for å høyre korleis dei har det!
God fastelavenssøndag!

Herlege Hallingskeid

Posted in Kvardagsliv on 12 februar, 2007 by Sissel

Her ser de nokre bilete frå årets styretur i studentKRIK-Bergen. Me var ein gjeng på 22 stykk som reiste opp med toget. Gjekk på ski, leika i snøven, solte oss, åt nybaka(!) brød, sjokolade og utveksla mykje konstruktive tankar angåande arbeidet me driv.
På laurdagen hadde me strålande sol frå skyfri himmel.  Søndagen var prega av vind som gjorde det noko vansklegare å nyte sola. Me var likevel ute og gjorde det beste ut av det. Generelt var det ei flott helg, der naturen viste seg frå si beste side.
Bileta får tale for seg:

 

  

 

Den store konserthelga

Posted in Musikk on 5 februar, 2007 by Sissel

I helga gjekk det mykje i gitarriff, røykmaskiner og fine klangfargar.
Fredag: Kristi og eg var på Hulen, mellom anna for å høyre på min sambygding Egil Olsen. I tillegg spelte Sebastian Waldejer og Rockettothesky. Ganske rolege konsertar, og veldig koseleg.
Laurdag: Duka for The Lionheart Brothers på Garage. Var der saman med Ottar, Lars og Øyvind. Konserten varte litt for kort, men dei har heftig mange bra songar på den nye plata si. God stemning!
Søndag: Lommeboka skrapa, så det vart ikkje nokon konsert denne kvelden. Men eg var tre timar på bandøving, så fekk fleire gode musikkopplevingar der også – heilt gratis!

  The Lionheart Brothers

Merkar helga ikkje heilt vart brukt til restitusjon og avslapping, men det får me heller ta igjen ein annan gong..