Arkiv for mars, 2007

Musique pour le peuple

Posted in Musikk on 26 mars, 2007 by Sissel

Det har vore ei maraton-helg når det gjeld musikken denne helga. På fredag møtte eg Heidi i Oslo, og var på Damien Rice konsert. Han hadde med seg fullt band, og det tok heilt av. Spelte mykje frå begge platene “O” og “9″, og det var rett og slett ei herleg oppleving.

På laurdag var det duka for noko litt meir spennande. Då spelte eg min første konsert med bandet. Det var på ein privatfest, så det var ganske så uformelt. Me hadde klart eit sett på 11 songar, og må seie det gjekk veldig bra. God stemning, dansing og positiv respons etterpå. Utruleg kjekt å spele live (igjen)! :)


Khripos

På søndag øvde eg heile dagen i korskirka, og på kvelden var det keltisk messe i regi av Studentmenigheten. Vi var ein gjeng på 4 stk som spelte, ma. fløyte, fiolin, gitar, djembe, gitar og ymse fløyter. Krevjande å spele rask, irsk folkemusikk, men det gjekk greit. Det var i tillegg mykje rolig og fin musikk, og trur folk syns det var ei fin stemning..

Bileta er frå laurdagskvelden. No skal bandet til med litt nye songar og spele inn det vi  allereie har. Fått tilbakemeldingar frå ma. Hulen, så satsar på vi skal spele der i løpet av våren..


Sissel & Stig syng

  
Bård stemmer sin bass            Alexander & Helge (i bakgrunnen)


Øyvind med sin S80

Yo mother aikah!

Posted in Kvardagsliv on 19 mars, 2007 by Sissel

Natta har senka seg over Danmarksplass. I undergrunnsmiljøet luskar to einsame sjeler, på jakt etter ein spanande kvardag. Pass deg no..

“Ready or not, Here I come, You can’t hide
Gonna find you, and take it slowly
Ready or not, Here I come, You can’t hide
Gonna find you, and make you want me”

 

“Anywhere you go, my whole crew gonna know
Oh baby, hey baby you can’t hide from the black gold no”

Want some more of this shit? Check out Andy

Blogg i stadig utvikling

Posted in Underhaldning on 14 mars, 2007 by Sissel

Blogging vert meir og meir vanleg. Tidlegare skreiv me brev til kvarandre. Så dukka dataen opp og ein kunne sende e-post. Så vart SMS det store. Men det stoppar sjølvsagt ikkje der. No har det visst dukka opp ein leik, ei form for eit informativt kjedebrev,  som eg sjølvsagt har nødt å vidareformidle..

Reglar: Kvar spelar startar med å skrive seks rare ting om seg sjølv, eller rett og slett noko ingen andre veit. Bloggere som blir “tatt” må skrive seks ting om seg sjølv i sin eigen blogg, i tillegg til å angi reglane for spelet. Til slutt skal spelaren finne seks nye bloggarar som “har den”, og listar opp navna deira. Etter det er gjort, skriv han eller ho ein kommentar på bloggane til kvar av dei, for å la dei vite at dei har blitt “tatt”, og at dei må lese bloggen til den som tok dei for meir informasjon.

1. Tidleg på barneskulen var eg ei bølle. Eg var medlem i en klubb vi hadde som gjekk ut på å banke gutane i friminutta (ei form for tidleg flørting?)  (Var flink på skulen sann elles..)

2. Eg må skrive alt eg skal gjere på post-it lappar eller i kalendaren min. Utan den er eg fortapt.

3. Eine foten min er litt større enn den andre (har forresten høyrt at dette er vanleg..)

4. Eg hadde ein tendens til å ikkje klare å seie nei. Dette resulterar ma. i ekstremt mange medlemsskap og abonnement i alle slags klubbar/foreningar/blad. Dette har heldigvis betra seg noko.

5. Eg er veldig glad i kjøpt blodpølse. Og alle de som ikkje har smakt det, har ingen ting de skal ha sagt, for det er kjempe godt! Ikkje sant Siri?

6. Eg har sendt 1 langt kjærleiksbrev i posten, og det gjer eg mest truleg aldri igjen. Grunnen var at ein kompis til min då store forelskelse kom syklande bort til meg nede i vik og sa: “Fint brev du sendte, Sissel”.

Personar som no har den:
1.Heidi   2.Kristi   3.Kari   4.Per Kristian  5.Ole-Markus   6.Helene M.

 

Årets personlegheits-avstemming!

Posted in Diverse on 8 mars, 2007 by Sissel

I dette innlegget ser de bilete av meg med 5 ulike stilar. Alle kleda og tilbehøret tilhøyrer meg, så kan det vere at eg har ei spalta personlegheit? For å gjere livet mitt litt enklare, og kanskje utelukke nokre av stilane treng eg hjelp av akkurat deg.
Det store spørsmålet vert dette:
- Kva for ein stil bør eg satse på?

Skriv eit innlegg og sei di meining! Her er det lov til å skrive akkurat det du har på hjertet.. På førehand takk.

1. Prektige-Sissel?

2. Juss-Sissel?

 3. HF-Sissel?

4. Babe-Sissel?

5. Eller Rocke-Sissel?


* Det må presiserast at bileta er arrangert, og at eg normalt sett ikkje går kledd så stilreint.
** Resultatet eg får på evt. tilbakemeldingar kjem ikkje nødvendig til å verte gjeldande før tidlegst i 2020.

Kjendisar på platekompaniet

Posted in Kvardagsliv on 3 mars, 2007 by Sissel

Andrea og eg har nok ein gong hatt ein urban gåtur. Etter fleire netter med nattevakt, var det godt å bevege seg ute i frisk og kald bergensluft tidleg ein fredagskveld. Me utforska nye stader av byen me studerar i, og vi konkluderar med at Bergen er ein fin by! Her er fullt av koselege kaféar og små hus, og når sola skin er det rett og slett vakkert.

Me enda ruta midt i sentrum, nærare bestemt på ein av våre stamstadar, Platekompaniet. Der var me så heldige at me ramla over våre eigne navn på ymse skilt og cdar. Og for å sole oss i glansen av våre navnesøstre/brødre tok me rett og slett bilete av oss sjølve. Litt teit. Litt unødvendig, men samstundes mest kjekt. Ein har då ikkje meir moro enn ein lagar sjølv, eller kva?