Andrea og eg har nok ein gong hatt ein urban gåtur. Etter fleire netter med nattevakt, var det godt å bevege seg ute i frisk og kald bergensluft tidleg ein fredagskveld. Me utforska nye stader av byen me studerar i, og vi konkluderar med at Bergen er ein fin by! Her er fullt av koselege kaféar og små hus, og når sola skin er det rett og slett vakkert.
Me enda ruta midt i sentrum, nærare bestemt på ein av våre stamstadar, Platekompaniet. Der var me så heldige at me ramla over våre eigne navn på ymse skilt og cdar. Og for å sole oss i glansen av våre navnesøstre/brødre tok me rett og slett bilete av oss sjølve. Litt teit. Litt unødvendig, men samstundes mest kjekt. Ein har då ikkje meir moro enn ein lagar sjølv, eller kva?


