Årets personlegheits-avstemming!

I dette innlegget ser de bilete av meg med 5 ulike stilar. Alle kleda og tilbehøret tilhøyrer meg, så kan det vere at eg har ei spalta personlegheit? For å gjere livet mitt litt enklare, og kanskje utelukke nokre av stilane treng eg hjelp av akkurat deg.
Det store spørsmålet vert dette:
- Kva for ein stil bør eg satse på?

Skriv eit innlegg og sei di meining! Her er det lov til å skrive akkurat det du har på hjertet.. På førehand takk.

1. Prektige-Sissel?

2. Juss-Sissel?

 3. HF-Sissel?

4. Babe-Sissel?

5. Eller Rocke-Sissel?


* Det må presiserast at bileta er arrangert, og at eg normalt sett ikkje går kledd så stilreint.
** Resultatet eg får på evt. tilbakemeldingar kjem ikkje nødvendig til å verte gjeldande før tidlegst i 2020.

19 kommentarar til “Årets personlegheits-avstemming!”

  1. Tja!??? Synest ikkje nokon av stilane va heilt deg liksom, men den du ser ut til å “kle” best synest ej kanskje va juss-s. (sjølv om tillelen juss professor ikkje rimar heilt i øyrene mine)
    Lykke til med “valget”. MA.

  2. 1.Prektige-Sissel. Det passa deg eigentleg veldig godt, og du var utruleg søt. Men veit ikkje heilt om du bør satse fullt på det. Men det kan gå, sånn avogtil iallefall.

    2. Juss-Sissel. Kanskje litt for pretensiøst, Sissel?

    3. HF-Sissel. Eg likte denne stilen. Trur den passar deg veldig godt. “Stem NEI” button’en i håret, spesielt! Hehe.. Litt freaka stil kler du. (Kjøpt deg nytt skjerf forresten? Fint.)

    4. Babe-Sissel. Likte denne stilen særs godt. Føler stilen gjennspeglar personlegheita di. Einaste som manglar er det blonde håret, så har du krona på verket. Eller kanskje ikkje…?

    5. Rocke-Sissel. Dette passar jo ypperlig sidan du har starta i rockeband. Kanskje det er denne stilen du bør velge?

    Nei… Dette var vanskeleg Sissel. Kjem eigentleg ikkje fram til noko her. Likte eigentleg alle Sisselane. Du kan velge kva du vil for meg, berre du ikkje skiftar personlegheita med stilen. (Då blir iallefall babe-Sissel utelukka..). Lykke til Sissel.

    Og husk: Eg er glad i deg uansett kva du går i. Det er det indre som tel, ikkje det ytre. ;)

    God helg.

  3. Hei!
    Fine bilder:)
    Skal vi danse swing på torsdag om ei veke? Vi må finne på noke snart!

  4. Carina Seier:

    Så utrolig fet! Konge!!
    DU fikk meg virkelig til å le nå. Typisk Siss;)

    Syns heilt definitivt at du bør gå for babe-looken, typisk deg! Ehh…
    Hehe…

  5. Hehe…Ville egentlig ikke gått for noen av de…men jussen var vel den som passa best kanskje? hmm..Miks alle i hop du…;-)

  6. Hei Sissel!!! Desse bilda var vanvittig fantastiske! Eg sit i godstolen og ler meg i hel :) Synst definitivt du skal gå for babe-stilen! Endåtil EG kjenner eg vert tiltrekt :D hehehe….

    men seriøst: rockestilen var kul…du sklir rett inn på garage :D men du må sette i gang før 2020 då!

  7. Artig at de kosar dokke med bilda! Eg skal vurdere å setje i gong tidlgegare, men då må eg ha endå fleire tilbakemeldingar å rette meg etter… :)

  8. Ej trur du godt kan kjøre fleire stila.. bra med variasjon. Men d e kanskje viktigast å velje den stilen du kjenne dej igjen mest i?

    h. Ole-Markus som tek dej veldig seriøst.

    ps. gå for hf-sissel!

  9. hva med “prektige rocke-Sissel”? Ein slags blanding?

  10. Hehe. Eg tenkjer berre på at du sikkert har same buksa på alle bileta. Eller kanskje du står berre i trusa. HAHAHAHAAAA…
    KARI LER AV SISSEL SOM STÅR DER BERRE I TRUSA!

    Artige bilete og artig påfunn. Det må vere ei fryd å bu ilag med deg, eigentleg!

  11. Som din personlege stylist og fotograf er eg muligens inhabil, men om eg får lov til å uttale meg så meiner eg at du har litt av alle stilane i deg, både på det ytre og indre plan. Alt til sitt bruk! ;)

    Om eg likevel må velge ein favoritt så synest eg du kunne ha tatt ein litt meir moderat rockestil, (håret må vere sånn det er på det biletet!), ispedd litt HF-særpreg, og toppa det heile med det søte/prektige smilet. I tillegg har du sjølvsagt både juss-fornufta og babe-flørtinga i deg..

    Og Karikari, eg kan avsløre at ho ikkje hadde på seg samme bukse på alle bileta, for ho hadde nemleg berre på seg ei strømpebukse (type kvit bomull med søtt mønster, så beina tilhøyrde nok prektige-Siss på alle bileta.. ;) )

  12. BalleBea/MøyMay Seier:

    Du e ikkje den einaste med spalta personlegdomar, Siss. Føle kanskje du har stjelt litt av stilen frå JussMay. Men som din trufaste samboar føle eg meg forplikta te å tipsa alle dine lesarar om ein manglande stil, nemlig frekke søster Siss. Så eg oppfordre deg te å stille opp med uniformen din. Viss du tør.

  13. Såvidt jeg kjenner deg, hadde du ingen stiler sist gong eg møtte deg. Så jeg stemmer for netto + fele…

  14. Claus: Du er nok herved oppdaga som ein stor bløffmakar: ingen skriv vel både “jeg” og “eg” i same innlegget?

  15. Du er tatt!!
    Sjå bloggen min for meir info:)

  16. Har du føreteke ei oppsummering og evaluering av avstemminga eller?

    Vert interessant å sjå kva stil du hellar mest mot sjølv… ;)

  17. Som fleire av dokke har skreve, så vert det nok berre ei blanding av dei ulike stilane.. men må seie at eg kjenner meg mest komfortabel med ein lett casual-rockestil med eit snev av idealisme og prektigheit.. :)

  18. Det er foerst no naar eg les dette innlegget at eg kjenner at det skal verte kjekt aa kome tilbake til roeynda i Bergen att. Eg kjenner meg einig med deg paa den stilgreia, fin mix. Men eg synest jo du er kul uansett, daa. Kanskje du maa hjelpe meg med min stil naar eg kjem tilbake. Eg fryktar nemleg at eg har faatt eit snev av misjonaerstil, og det er ikkje noko aa strebe etter. Smask.

  19. Åhh.. kjekt å høyre frå deg :)
    Det skal bli ei glede å sjå deg att etter påske (eller forhåpentlegvis i løpet av påska). Bergen saknar deg! Du skulle ha vore her no desse vårdagane og ete softis :) Men det får me ta igjen.
    Ps. Eg er sikker på stilen din er like kul som alltid.

Legg att eit svar