Blogg i stadig utvikling

Blogging vert meir og meir vanleg. Tidlegare skreiv me brev til kvarandre. Så dukka dataen opp og ein kunne sende e-post. Så vart SMS det store. Men det stoppar sjølvsagt ikkje der. No har det visst dukka opp ein leik, ei form for eit informativt kjedebrev,  som eg sjølvsagt har nødt å vidareformidle..

Reglar: Kvar spelar startar med å skrive seks rare ting om seg sjølv, eller rett og slett noko ingen andre veit. Bloggere som blir “tatt” må skrive seks ting om seg sjølv i sin eigen blogg, i tillegg til å angi reglane for spelet. Til slutt skal spelaren finne seks nye bloggarar som “har den”, og listar opp navna deira. Etter det er gjort, skriv han eller ho ein kommentar på bloggane til kvar av dei, for å la dei vite at dei har blitt “tatt”, og at dei må lese bloggen til den som tok dei for meir informasjon.

1. Tidleg på barneskulen var eg ei bølle. Eg var medlem i en klubb vi hadde som gjekk ut på å banke gutane i friminutta (ei form for tidleg flørting?)  (Var flink på skulen sann elles..)

2. Eg må skrive alt eg skal gjere på post-it lappar eller i kalendaren min. Utan den er eg fortapt.

3. Eine foten min er litt større enn den andre (har forresten høyrt at dette er vanleg..)

4. Eg hadde ein tendens til å ikkje klare å seie nei. Dette resulterar ma. i ekstremt mange medlemsskap og abonnement i alle slags klubbar/foreningar/blad. Dette har heldigvis betra seg noko.

5. Eg er veldig glad i kjøpt blodpølse. Og alle de som ikkje har smakt det, har ingen ting de skal ha sagt, for det er kjempe godt! Ikkje sant Siri?

6. Eg har sendt 1 langt kjærleiksbrev i posten, og det gjer eg mest truleg aldri igjen. Grunnen var at ein kompis til min då store forelskelse kom syklande bort til meg nede i vik og sa: “Fint brev du sendte, Sissel”.

Personar som no har den:
1.Heidi   2.Kristi   3.Kari   4.Per Kristian  5.Ole-Markus   6.Helene M.

 

4 kommentarar til “Blogg i stadig utvikling”

  1. ÅNEEEEI KJEDEBREV E DET VERSTE PÅ JORD!

  2. Det er kjekt når ein kan vri hjerna si og komme opp med usaklege ting om seg sjølv (noko heile blogg-greiene eigentleg er..)
    Så eg synst du bør fortsette dette altså :)

  3. litt enig med Heidi der ja.. :P Men skal vurdere å legge ut ein post..

  4. Ja, eg har gjort jobben og lagt ut ein særst interessant post. Berre eit rpoblem; eg kjenner ikkje seks bloggadresser. Det var synd.

Legg att eit svar