Musique pour le peuple
Det har vore ei maraton-helg når det gjeld musikken denne helga. På fredag møtte eg Heidi i Oslo, og var på Damien Rice konsert. Han hadde med seg fullt band, og det tok heilt av. Spelte mykje frå begge platene “O” og “9″, og det var rett og slett ei herleg oppleving.
På laurdag var det duka for noko litt meir spennande. Då spelte eg min første konsert med bandet. Det var på ein privatfest, så det var ganske så uformelt. Me hadde klart eit sett på 11 songar, og må seie det gjekk veldig bra. God stemning, dansing og positiv respons etterpå. Utruleg kjekt å spele live (igjen)! :)

Khripos
På søndag øvde eg heile dagen i korskirka, og på kvelden var det keltisk messe i regi av Studentmenigheten. Vi var ein gjeng på 4 stk som spelte, ma. fløyte, fiolin, gitar, djembe, gitar og ymse fløyter. Krevjande å spele rask, irsk folkemusikk, men det gjekk greit. Det var i tillegg mykje rolig og fin musikk, og trur folk syns det var ei fin stemning..
Bileta er frå laurdagskvelden. No skal bandet til med litt nye songar og spele inn det vi allereie har. Fått tilbakemeldingar frå ma. Hulen, så satsar på vi skal spele der i løpet av våren..

Sissel & Stig syng

Bård stemmer sin bass Alexander & Helge (i bakgrunnen)

Øyvind med sin S80
28 mars, 2007 kl. 2:22 pm
Heihei! heimbygda levera sjølvsagt i fineveret..:)
du burde ta dej en tur snart! ka du skal i påska, heim til møre regna ej me? ;)
ej he det bære fint ej.. alt bra i bergen også?
28 mars, 2007 kl. 7:16 pm
WOW!
spelefele-sissel
Syngesong-sissel
og
Tamburiiin-sissel
Du såg ut som ei ekte band-jente! Dritrååå
28 mars, 2007 kl. 11:38 pm
Som stylist/fotograf og ikkje minst augevitne kan eg stadfeste at ho var ei ekte bandjente. Ei dritrå bandjente. Sjeldan har eg sett nokon riste tamburinen med so glødande engasjement, for ikkje å snakke om groove, feel og flow.
Ei oppleving som anbefalast.
29 mars, 2007 kl. 9:08 pm
Takk for godord drej. Eg må nok vere født med tamburin på beina. Og forhåpentlegvis ski også.. Uansett, gle dykk til å høyre meir frå bandet! :)
31 mars, 2007 kl. 12:38 am
Halloisen. Eg er tilbake. Gralla med god groov. Gleder meg til me skal starte band til hausten. Du er ei kul berte.
31 mars, 2007 kl. 5:42 pm
Håpe me fe til å starte band då.. me må nesten først skaffe eit godt grunnkomp skal det bli nåke tess! :P