Arkiv for april, 2007

Nygårdsparken

Posted in Kvardagsliv on 30 april, 2007 by Sissel

Nygårdsparken – Eit lada namn for ein del av bebuarane i Bergen. Etter klokka 22 er det mange som vel å ta omvegen rundt. Eg er berre glad i den eg :)

Når sola steiker og søndagsroa senkar seg er det ingen stad venare (?) enn Nygårdsparken. Å nyte tilværet saman med gode vener. Då er det godt å leve!

bilde-237.jpg

bilde-230.jpg

Søndagsmiddag

Posted in Kvardagsliv on 22 april, 2007 by Sissel

I dag har me verkeleg smakt godt kjøt i heimen. Takka vere pappa Reiestad har me fått tilgong til eit heilt fantastisk kjøtstykke. Og med Maybi som kokk, vart det heile ei stor gastromatisk oppleving! Har dessverre ikkje bilete av resultatet, men her er smakebitar frå prosessen:

bilde-194.jpg

bilde-199.jpg

bilde-202.jpg

Vegetarianarar vrir seg vel av kvalme no, men det får så vere..
Godt kjøt var det uansett!

Fantastisk fineveirsdag!

Posted in Kvardagsliv on 15 april, 2007 by Sissel

I dag kom eg meg heldigvis ut og fekk nyte sola ute på Løvstakken. Herleg temperatur og greie forhold for fotografering (som alle fotonerdar veit, er det ikkje nødvendigvis så bra å ta bilete når det er strålande sol).


“Ein kjem ikkje til fjells på flat veg”

“Og naar Liderna grønka som Hagar, naar det laver av Blomar paa Straa, og naar Næter er ljosa som Dagar, kann han ingenstad vænare sjaa” (Ivar Aasen)


“Ny innsikt gir mulighet for ny utsikt” (Finsk ordtak)

  
“Sol ute, sol inne, sol i hjertet, sol i sinne” (Herbert Herding-Herberth)

”Utsett aldri til i morgen hva du kan nyte i dag” (Josh Billings)


“Jorda bar fram grøne vokstrar, planter som set frø, kvar etter sitt slag, og tre som ber frukt med frø i, kvart etter sitt slag. Og Gud såg at det var godt” (1 Mos).

 
”Det er den som farer vill som finner de nye veier” (Nils Kjær)


”Himmelen er like nær hvor du enn i verden er” (Norsk ordtak)


“Alle gode ting er tre..”

Ambivalent forhold

Posted in Kvardagsliv on 13 april, 2007 by Sissel

Facebook
Fjesbok
Fjasebok

Eg er inne i ei lita krise for tida. Eg har fått utdelt ei krevjande oppgåve/fagtekst på skulen med tema som vitenskapsteori/forskning/sjukepleieteoriar og anna styr! Og så var eg så teit at eg skaffa meg facebook i slutten av ferien. Innerst inne visste eg det kom til å verte eit problem. Eg vert så distrahert av alle desse nymotens internettgreiene, at eg ikkje klarar å fokusere på skulearbeidet.. Kva skal ein eigentleg med alt dette overflatiske bekjentskapet? Og på eitt og same tid er det steikje artig. Hjelp meg ut av fordervinga!

Måtte berre legge ut ein liten videosnutt om facebook.
Sjå, evt. lær og syng med! :)

Innviing av Steinbu

Posted in Kvardagsliv on 7 april, 2007 by Sissel

Nokre dagar av årets påskeferie kunne heile familien samlast, for første gong, på den nye hytta vår på Mosætra. Me hadde ikkje det beste veiret, men kva gjer vel det når ein kan kose seg inne med yatsy, snop, stearinlys og ein gradestokk som kryp over 25 grader? Litt telemarkkøyring vart det heldivis også moglegheiter for..

Marsipan
Lilla påskeegg
“Korr ska vi ræis?”

 

Skifellar
30 cm nysnøv
Spørsmål & svar

Grovskiver med godt pålegg
Appelsin
Vått ullundertøy

Krimbøker
Kryssord
Iskaldt do

 

Knall og fall
Sofakrok
Påskeharen?

God påske! :)

Påskejobbing

Posted in Kvardagsliv on 1 april, 2007 by Sissel

 
“Oee.. sjukepleiestudentar!”

På torsdag starta ferieutvandringa frå Bergen. Studentar pakka sekkar, ski og bøker og sette kursen heimover. Nokre skulle til syden, dei fleste på påskefjellet. Men eg vart att i byen – for å jobbe på sjukehuset i helga. Heldigvis skulle også Camilla  jobbe, nøyaktige dei same vaktene som meg, så då inviterte ho seg sjølv til å overnatte hjå meg.

  

Vi har hatt ei helg meg knallhard jobbing, sol frå skifri himmel og mykje kjekt samvere. Fredag var det seinvakt etter ein relativt slapp dag på skule. Tungt å stå opp kl 06 på ein laurdag, men på det hjelp på at vi åt brownies/is, såg film og nye episoder av Greys Anatomy seinare. Søndag etter arbeid var vi i Nygårdsparken og sola oss litt, og hadde med oss nytrakta kaffi og browniesrestar.  Kvelden vart avslutta med enda fleire av neste sesong med Greys.

Her ser de bilder av årets første parktur:

  

I morgon tek eg bussen til heimlege trakter. Gledar meg til å reise på fjellet og vere på hytta! Og sjølvsagt treffe igjen gamle kjente! :)
Vil heilt til slutt ynske alle mine trufaste blogglesarar ei god påske!