Arkiv for mai, 2007

Dei siste glimt av Sunnmøre

Posted in Kvardagsliv on 29 mai, 2007 by Sissel

Forhåpentlegvis ikkje heilt bokstavleg. Det vert likevel fleire månader til eg atter kjem til å sette mine bein her. Kjenner eg vert litt vemodig av heile greia. Men no skal det seiast at eg skal mykje anna spennande i mellomtida, så det kjem nok til å gå bra.

  

No er i alle fall praksisperioda vel overstått, all familie og dei av venane mine som er her besøk, og eg set kursen sørover att mot Bergen. Har hatt herlige veker her i Ørsta. Legg ut nokre bilete frå turen eg og Caroline hadde tidlegare i dag; Ørsta i over 20 grader, vindstille og sol – kan det bli betre?

 

Hipp hipp hurra!

Posted in Kvardagsliv on 17 mai, 2007 by Sissel

Gratulerer med dagen. Med dei 193 åra som fri nasjon!

Bunad
Tog
Fagert er landet

bilde-151.jpg

Korps
Is & pølse
Smil

bilde-189.jpg

Russ
E. Grieg
Utsprunga bjørk

Alt høyrer med på denne tradisjonsrike dagen..

Fri og frank i friluft

Posted in Kvardagsliv on 12 mai, 2007 by Sissel

Etter ei veke fylt med mange inntrykk frå praksis, var det godt å reise til fjells. Dels for å gjere oss feite, mest for å kople av frå all teknologi, mas og kjas. Me overnatta ei natt, og då tok gamlefolket over og me reiste tilbake til innlagt vatn, tv og vassklossett.


Gamlesela og Kjerringtinden med snøv i bakgrunnen.

 
Klatring høyrde sjølvsagt med, sjølv om det gjekk noko trått nedover..


På kvelden spelte me mellom anna Rummikub,

 
drakk kaffi, åt god mat og tende stearinlys. Kos.


Kvitveisen stod i full blomst langs vegen
Vakkert


Og livsnytarane måtte berre legge seg nedpå litt..
God helg!

For å lese Camilla sin versjon av turen, klikk her

Slak line

Posted in Kvardagsliv on 6 mai, 2007 by Sissel

No er Camilla og eg komne til Ørsta. Har brukt helga til litt synfaring og avslapping, før vi byrjar i praksis på sjukehuset i morgon. Det vert kjekt å endeleg oppleve litt av den akutte delen av sjukepleien, henholdsvis mottak og intensivavdelinga. Her skal vi vere i nesten fire veker. Satsar på det vert innhaldsrike og spennande veker!

Veiret har vore strålande i helga, og det at Heidi har skaffa seg slak line var ein god ting. Dette måtte sjølvsagt prøvast ut, og bilda viser litt av resultatet. Alle tre hadde faktisk god balanse – i alle fall nokre sekund! :)

 

I platestudio

Posted in Musikk on 3 mai, 2007 by Sissel

Ein eg kjenner (frå USO/KRIK) tipsa singer/songwriteren Robert Smith-Hald om at eg spelte fele. Og vips var eg i platestudio ute på Sotra i går. Ei spennande oppleving å vere med på noko slikt, med masse dyre mikrofonar,avansert teknologi og proffe folk. Ikkje akkurat som lydstudioet på Volda vgs (ikkje at det er dårleg, Egil!)

Plata til Robert Smith-Hald kjem om ikkje alt for lenge, så det er berre å springe å kjøpe den når den tid kjem :) Musikken er vakker og vel verdt å sjekke ut..

Eg har dessverre ikkje tilgong på bilete frå hendinga, men her er eit illustrasjonsbilete:

felesiss.jpg