Kenya var supert
No er vi komne til tanzania. Alt staar bra til med alle! :)
Kenya var supert
No er vi komne til tanzania. Alt staar bra til med alle! :)

Dette er litt lesestoff for dei som er interesserte i kvar eg skal befinne meg nesten heile sommaren. Vi reiser laurdag 16 juni og er tilbake i Noreg 24 juli. Det er ikkje sikkert denne bloggen vert oppdatert så ofte, men vi har laga ein fellesblogg for alle 4 som reiser. Sjå på linken til høgre; Teamet i Tanzania.
Vi flyg først til Kenya, har litt ferie m/safari før vi startar på ferda sørover. Vi skal mellom anna vere i Moshi, Arusha, Dar Es Salaam og på Zanzibar.

Bilete frå stranda på Zanzibar
Oppdatering:
Er i Nairobi no, alt bra so longt. Ikkje saa lett aa faa tak i internett, saa dette er alt eg rekk for no. Vi reiser vidare til Arusha paa onsdag, meir oppdaering kjem. Vi har det supert! :)
Kristi og Bergen-by-night:

Etter endt heimeeksamen, var det godt å endeleg kome seg ut i Guds frie natur. Eg og Kristi overnatta tok ein spontantur natt til laurdag for å overnatte under open himmel.
Heilt fantastisk, med varme, te, godteri, god mat, speling, latter og samtaling. Einaste negative var vel knotten, men me snørte soveposane godt igjen og klarte å unngå dei fleste stikka.

Stor konsentrasjon for å få fyr på bålet

Sissel i bålglans

Litt av frukosten vår

For å sjå fleire bilete, klikk her
Tel dagane til eg er ferdig med heimeeksamen,
til prosjektveka på sjukehuset,
til siste skuledag.
-
Eg tel døgna til eg reiser til Tanzania,
til eg får vite om eg har jobb til hausten,
til eg spelar min siste tone i bandet før sommaren.
-
Eg tel timane til eg har fri
FRI
-
Har du planar i morgon? Ikkje som du veit om nei.. Les vidare.
Rockebandet Khripos, beståande av 5 gutar frå Bergen og meg, held konsert på Hinsides (Inside) laurdag 2 juni ca kl. 23 (60,-). Inside scena Hinsides ligg i Vaskerelvsmauet, rett ved siden av Pingvinen og Hectors Hybel, bak Privaten og Logehaven.
Håpar å sjå dykk alle til helga!
Det vert bra musikk, god stemning og anledning til å ta heilt av! :)
Lyst på ein liten forsmak? Klikk på Khripos-linken under musikk til høgre på sida. Elles kjem vi nok til å spele mange nye låtar :)