Arkiv for juli, 2007

Nokre dagar i Ørsta

Posted in Kvardagsliv on 31 juli, 2007 by Sissel

Etter vel endt Tanzaniatur, vankar det no ei vekes ferie i heimbygda før eg skal tilbake til Bergen og jobbe. Kjekt å treffe igjen familie og vener, slappe av på hytta og nyte det gode liv. Veiret har vore heller dårleg, med regn og ein gradestokk som knapt viser over 12 grader. Legg ut litt bilete:

Bilde 160  Bilde 159
Andrea på urbanbesøk; her nyt vi suksessterte og kaffi på kaffibaren Fugl Føniks

Bilde 139
Tre av mine favoritting: Andrea, saud og tyttebæret :)

Bilde 167
Stine og Caroline

Bilde 006

Bilde 009  Bilde 008
Kos og kveldsmat på hytta

Bilde 017 

Jakta på det gode liv

Posted in I det filosofiske hjørnet on 30 juli, 2007 by Sissel

Kva er det gode liv?
Mange har opp gjennom tida sagt sitt om kva som er det gode liv, mange store flotte ting. Mennesket higar etter det gode liv. Men kva er det eigentleg? 
Alt frå å kjenne lukta av regnvåt asfalt til å plukke blomar. Kanskje lese ei god bok eller reise verda rundt? Å sjå ein mygg stikke deg eller ein fotballkamp på tv. Det å vere nyforelska eller å snakke med ein ven ein ikkje har truffe på fleire år. Eg tenker det gode liv er her og no. Dei små gledene i kvardagen som er lette å gløyme, men som eigentleg er livet. Og det er viktig å ikkje stresse for å jakte på desse tinga. Det gode livet berre ER. Det omkrinsar oss, utan at vi treng å gjere noko for det. Berre ta i mot og setje pris på det.

bilde-228.jpg

Turen nærmar seg slutten..

Posted in Reise on 15 juli, 2007 by Sissel

Har dessverre vorte lite med oppdateringar frå Afrika på denne sida. Me har prøvd å legge ut litt på teambloggen, men internettilgongen har vore ganske varierande.
Eit lite reisebrev kan ventast neste veke :)

No er vi uansett komne til Dar Es Salaam, etter ei tid på Zanzibar med seminar og ferie. Dar er ein særs spanande by. Me har feriert her nokre dagar, og spelt golf, tennis og vore på Casino. Nokre har hatt Spa, køyrt gocart og mange gode restaurantbesøk. Mandag skal vi møte CHRISC-leiarane i Dar, og planlegge siste veka her med seminar og fotballturnering. Vert kjekt å jobbe litt igjen etter ein del ferie. Me kjem heim igjen neste mandag, 23 juli. Skal verte kjekt å sjå folk i Norge att.

Gutta har internett på romet, så då kan vi bruke norsk-tastatur for første gong. Herlig å kunne skrive æ,ø og å, sjølv om det går rimeleg treigt med nettet.. (derav manglande bildeopplasting).