
Nei håddu, er det val i år alt?
I år er det altså val, og det har gått fire år sidan sist eg røysta på lokalt plan. Eg skal ikkje kome med nøye evalueringar og vurderingar av dei ulike partia og spekulasjonar i kva eg har tenkt å stemme i år. Dette er meir ei oppfordring til alle mine millionar av lesarar som er usikre på om dei i det heile tatt skal røyste. Anten fordi dei ikkje bryr seg om politikk, ikkje trur at politikarane kjem til å halde noko av det valflesket dei kjem med, eller rett og slett av rein giddaløyse.. Ta dykk saman!
Gjennom å bruke røysteretten kan ein uansett påverke kva som skjer i kommunen. Uansett kor usaklege og kverulerande politikarane kan vere, så er det til sjuande og sist dei som sit med makta i kommunene. Så bruk difor røysteretten din! Og dersom du kjenner at du ikkje er nøgd med situasjonen, er det kanskje ei anledning til å verte politikar og gjere noko med det? Alt for mange som sit inne med gode idear og eigenskapar som dei ikkje får brukt. Kven veit, kanskje vert du vår framtidige statsminister? Heller tvilsomt, men det er vel lov å skrive litt pjatt på bloggen. Uansett, det viktige er i alle fall; bruk røysteretten!