Arkiv for oktober, 2007

Heitt i Bergen

Posted in Diverse on 22 oktober, 2007 by Sissel

Endeleg kom det bergensarane har venta på i 16056 dagar i følge BT.

Ikkje sidan 1963 har seriegullet tilhøyrt Brann. Ikkje før i dag.
Det er ein gledens dag i Bergen.

Etter den gedigne nedturen på laurdag, då heile Bergen by gjekk slukøyra heim, var det mange som med hjartet på rette staden hylla spelarane og trenarane i kveld. Bergen er i brann. Bokstaveleg talt..

brann_lagbilde_2007_800.jpg

Aktivitetsnivå = null

Posted in Diverse on 11 oktober, 2007 by Sissel

Det har dessverre ikkje vore mykje aktivitet på bloggen i det siste. Ikkje eit innlegg, og dermed ingen kommentarar heller. Ein får som fortent. Har ikkje prioritert å skrive noko her i det siste. Ikkje at det ikkje finst ting å skrive om, det har berre ikkje vorte gjort. Bloggen var sliten etter eit langt og aktivitetsrikt år, og no har han hatt pause ei stund. Kor mykje lenger det får vi berre vente å sjå..