Gamle Grendi
Tidt eg minnest ein gamall Gard
med store Tre og Runnar.
Vollar, Bakkar og Berg og Skard
og Blomster paa grøne Grunnar.
Der eg hadde meg so godt eit Rom:
Hus og Mark med baade Bær og Blom,
alt eg nøytte som ein Eigedom
med baade Lut og Lunnar.
Der var Dalar og Lider nog,
der Lur og Bjøllor klungo;
Der var Ruster og fager Skog,
der tusund Fuglar sungo.
Tett med Stova stod ei Bjørk so breid,
der hadde Skjorerna sitt gamle Reid,
Staren song i kvar ein Topp, som beid,
og Erlor i Tunet sprungo.
Heime var eg so vida kjend
og slapp inn, kvar eg vilde,
i kvart Hus i den heile Grend,
um endaa Folket kvilde.
Der var Kjenningar i kvar ei Kraa,
og naar eg ukjende Folk fekk sjaa,
spurde eg radt, kvar dei var ifraa,
og d e i var lika milde.
Var det nokon, som der leid vondt
og vardt fyre Tap og Spilla,
braadt det spurdest um Bygdi rundt,
og alle tykte, det var illa.
Ofta minnest eg mi gamle Grend,
naar eg framand uti Verdi stend,
heimlaus, frendelaus og litet kjend,
og likar paa Leiken illa.
11 februar, 2008 kl. 6:32 pm
Aah. Eg vonar du kosa deg heime. Mamma hadde sett deg på musikalen og kalla deg Heidi då ho skulle fortelje det til meg…
12 februar, 2008 kl. 1:42 am
Eg minnest ein norsklærar som var Ivar Aasen fanatikar…Kan fortsatt første verset utenat:) Håpar du har det kjekt heime! Hels
12 februar, 2008 kl. 11:00 am
No er eg attende i Bergen og sit med den fantastisk kjekke oppgåva mi. Kvar ein dag sit eg konsentrert og tryllar fram velklingande og faglege formuleringar som ingen har lese tidlegare. Nokon som trur meg? Neppe.. Har hatt det hivens heime, veldig kjekt å sjå musikalen. Vinka til mora di, Kristi. Eller var det far din? Hugsar ikkje akkurat no. Familia di var i alle fall samla på kulturhuset :) Og det var mange godbitar på programmet.
Kristine: Då kan du meir enn meg, eg kan berre brotstykke frå nokre av versa :)