
Som ein utflytta sunnmøring, tenkte eg det var på sin plass å repetere nokre uttrykk som ein ikkje høyrer for ofte i Bergen.
Då eg for fleire år sidan gjekk på folkehøgskule budde eg på rom med ei frå austlandet, mi kjære Inga. Me kom godt overeins og praten sat laust frå første stund. Men det eg gløymde var at ikkje alle mine ord og utrykk var like forståelege. No skal det seiast at i konteksten vart det meste forstått og Inga var veldig ivrig etter å lære seg nokre av desse merkelege orda. Me snakka i starten om å lage ei ordbok med to kolonnar; ei for Ørsta og ei for Langhus. Heldigvis slapp me dette, fordi me forstod kvarandre veldig godt etter kvart..
Men somme uttrykk er umogleg å forstå, og kan verke gresk for dei som ikkje er vant med dei. I tillegg er det alt for mange av dei gode, gamle uttrykka som går i gløymeboka – rett og slett fordi me unge ikkje brukar dei. Og forsovidt ikkje foreldra våre heller. Ein må to generasjonar tilbake for å høyre orda kome som perler på ei snor. Foreldregenerasjonen vår kan desse orda, men brukar dei berre i ny og ne. Og bruken er enda sjeldnare i min eigen generasjon. Så neste gong eg møter deg, vil eg ikkje høyre at du er forundra over at det er så varmt ute, men at du er forbina over kor fjelgt det er ute. I alle fall dersom du er sunnmøring, gift med ein sunnmøring, sambuar eller klasseven med ein – eller rett og slett er spesielt interessert. Eg set stor pris på om folk gjev ein lyd frå seg i kommentaren om du ser viktige uttrykk som manglar :) Takk til alle som allereie har bidrege!
Alfabetisk ordliste:
attlete – å vere engsteleg for
atta om/i – bak
bråne – tine, smelte
demmle – drikke mykje og fort
dondre – eit tjukkt kvinnfolk
druse – også eit tjukkt kvinnfolk, eller å slå til nokon
fjase – tulle, tøyse
forbina – forundra
frette – høyrt om/frå
fjelge – varme
gape – at noko er idiotisk (døme: Du e so gapa/gape)
greinaløyse – håplaust
grynnje – å vere tom i hovudet (døme: han e so grynnje)
haurt jete – høyrt om
herkje – plage
hyn – gut (Ofte samansatt, døme: guthyn)
hå itte – hugse
jase – harepus
jimbre – sau (hokjønn)
kaule – svære greier, slåsskamp (døme: fyllekaule)
kjekse – fine dame
kjørmelse – pustevanskar
kleistre – å trykke noko saman, mose
knød/knyd – En med ti tommeltomma
knøda – får det ikkje til, verte lettare irritert
krekse – eit ufordrageleg kvinnfolk
kyle – kaste, dryle
lest ikkje ivere – bryr seg ikkje om
ljøte – stygg (døme: ei ljøte taus)
løfserøv – ein teiting, og/eller ein som er glad i lefse
låkt – vondt
maule – ete noko bart, utan tilbehør (døme: å maule pålegget på brødskiva)
nåva – hjørnet
ofjelgt – ufyseleg, ekkelt
ondebrelle – underbukse
opplett – om væiret: fritt for regn
rabbe – kålrabi
reie – huske (leikeapparat)
rejdige – skikkelig
rine – gråte (døme: ka du rine ette?)
skyming – ein som er redd for folk
skrinnje – tynn
slye – ein som driv dank (kan kombinerast, døme: di kattaslye!)
snekje – kaldt, trekkfullt
snårete – lettare forkjøla
sollje – styre (med)
stroplekopp – ein som snakkar mykje tull
svalgde rongt – svelgte mat i luftrøret
taus – jente
tikkje (pret: tikte) – synest
tjelle – jente
travel – om en person som er irriterande
yvjete – tullete, klossete
åtabærsle/åtafære – oppførsel
Nokre vanlege kraftutrykk:
Håddu
Håddu hendelse
Haddy syn og du bin
Hårre heite
Hårre steikje
Piske/pika ded
Smeikje det
Steikjare tid
Å du salte tid
Å du stygge tid

9 comments
Comments feed for this article
14 februar, 2008 kl. 8:05 pm
Kristi
Eg tek meg den friheit å utvide ordlista di, eg. Så kan me publisere:)
hå itte – hugse
ljøte – stygg (ei ljøte taus – ei stygg jente)
taus – jente
tikkje(pret: tikte) – synest
tjellje – jente (ei lita tulle)
åtabærlse betyr også oppførsel.
Dette var ein kjekk post for meg, dotter av min far. Diverre kom eg på berre nokre få uttrykk eg tikte mangla.
14 februar, 2008 kl. 8:06 pm
Kristi
(Det skulle sjølvsagt ikkje stå åtabærlse, men åtabærsle i førre kommentar…)
14 februar, 2008 kl. 10:05 pm
paps
Likte bilde nåraå dala!!Tikte nå du konnje no
tikje me or så: oløkje, markatad, hesved,attelege,
skåre,for å få med nåkre “garsuttrykk” Elers ekje de noke særli fjelgt i kveld, hælder litt snekje!!
Ha en smeikji kveld!!
15 februar, 2008 kl. 12:10 pm
Sissel
Kjekt med fleire ord, skal sørge for at dei kjem med i ordlista!
Og pappa: nokre ta dissa orda veit eg ikkje kva betyr, so då må du nesten først forklare dei før eg kan legge dei ut..
15 februar, 2008 kl. 7:45 pm
Kristine
Håddu! Ditta va no eit fole stili innlegg. Alt det du sollja med, Sissel. Men eg og trur at der finst potensiale for utviding. Trur eg har haurt jete fleire uttrykk enn dei du har funne her. Helsing sunnfjordstjellja so gifta seg med ein sunnmørshyn og har blitt tvungen til å forstå alle desse greinalause uttrykka :)
16 februar, 2008 kl. 12:37 am
Siri
Dei første orda som slo meg var “knøda” og “opplett”..
16 februar, 2008 kl. 12:38 am
Siri
og kleistre!
17 februar, 2008 kl. 12:54 am
Siri
Dette var moro! :) Rabbe og rabbestappe er også uforståeleg for mange.
17 februar, 2008 kl. 3:12 pm
Kristi
ufs(e?) og ufsedråpar (trur det er slik ein skriv det) tyder høvevis raft og dråpar som dryp frå rafta.