
Mykje av tida går med til å sitje framfor dataskjermen desse dagar. Ikkje fordi eg er så oppriktig interessert i data. Eller synast det er kjekt å få tendensar til stiv nakke og musesykje.
Eg tel ned dagane. Berre ti dagar til me skal levere bacheloroppgåva vår. Ti dagar inklusive helga. Det vil vel for mitt vedkomande seie omlag sju produktive dagar igjen. Og eg gleder meg. Veldig. Tenk, eg har ikkje ein gong ein eksamen igjen, berre ein liten praksis att før eg er ferdigutdanna. Det ser med andre ord ut som eg kan gå ein eminent vår i vente. Eg skal sørge for å nyte siste rest av studentlivet.. Men spørst om det ikkje vert meir studiar etterkvart. Det får tida vise.

Har de forresten merka kor ekstremt kreative på alle andre felt enn oppgåveskriving ein vert i slike situasjonar?

Storparten av utsikta mi for tida.
(Beklagar biletkvaliteten på dette innlegget. Bileta er nemleg tekne med det ikkje heilt optimale mobilkameraet)