

Den nye turistatraksjonen i bygda måtte vitjast i påska; verdas djupaste undersjøiske tunnel. Det er kjekt å kunne ta seg ein tur til Ulsteinvik og Hareid utan å måtte ta ferja. Og for ambulansen og dagpendlarane er Eiksundsambandet ei velsigning. Den beine strekninga med ei stigning på 9,6 prosent virka ikkje så bratt som ein skulle tru. Ikkje eingong eit skilt i botnen av tunnelen som viste at me no var komne 287 meter under havet. Men på den andre sida er dette ganske forståeleg. Å ha skilt, bilete og kart, og kanskje til og med nokre rasteplassbord der nede ville vel ikkje ha vore så veldig trafikksikkert. Elles er me ganske vant med å køyre tunnelar rundt om på vestlandet, så sambandet i seg sjølv skapte ikkje store overraskingar. Men det har i alle fall positive konsekvensar for kommunene rundt. Og ikkje for å gløyme den “infrablå” linja som markerte når me kom under havet si overflate. Den var i alle fall snedig.

Om nokre timar kjem eg susande gjennom sambandet, klar for timesvis med bussamvær saman med deg. :)