Arkiv for 28 mai, 2008

Sol = laber blogging

Posted in Kvardagsliv on 28 mai, 2008 by Sissel

Når det er mykje sol og mykje varme, er det ikkje like lett å halde oppe skrivinga. Eg som tenkte at ein eksamensfri vår skulle verte særs avslappande. Med plenty av tid til bloggskriving og biletetaking. Men det er vel alltid slik at ein har nok av ting å gjere; det må ordnast leiligheit, jobbsøking og intervju. Det spelast fiolin og det reisast vekk både titt og ofte. Det grillast og trenast, praksis og prosjekt. Og det er vel og bra.

Ein fantastisk vår og sommar har det vore så langt! Håpar verkeleg det held seg framover også. Men ikkje for blogginga sin del, då.