Sol = laber blogging

Når det er mykje sol og mykje varme, er det ikkje like lett å halde oppe skrivinga. Eg som tenkte at ein eksamensfri vår skulle verte særs avslappande. Med plenty av tid til bloggskriving og biletetaking. Men det er vel alltid slik at ein har nok av ting å gjere; det må ordnast leiligheit, jobbsøking og intervju. Det spelast fiolin og det reisast vekk både titt og ofte. Det grillast og trenast, praksis og prosjekt. Og det er vel og bra.

Ein fantastisk vår og sommar har det vore så langt! Håpar verkeleg det held seg framover også. Men ikkje for blogginga sin del, då.

4 kommentarar til “Sol = laber blogging”

  1. For eit nydeleg bilde!
    Gratulerer med ny bustad. Håpar vi treffast i neste veke :) Nyt det fine veret så lenge!

  2. Takk for både det eine og andre! Håpar me treffast ja, alt for lenge sidan me har snakkast no! Her er det stadig solslikking og nyting, nesten litt for heitt! ;P

  3. Ja, du har så rett, så rett. Det vert ikkje mykje skriving i fineveiret. Men alt tilseier jo at skrivinga bør ta seg opp no, då.

  4. Det har du rett i Kristi. Men no har det seg nok slik at sjølv om skyene ligg tungt, må ein nytte anledninga til rydding, pakking og vasking. Overraskande mykje skit og unødvendigt som har samla seg opp på tre år!

Legg att eit svar