Bachelor i boks

Eg likar ikkje makrell på boks. Men tanken på ein bachelor i boks kan eg like. Ei epoke er over, tittelen student treng ikkje lenger kome frå min munn. No er det sjukepleiar som gjeld, autorisert sjukepleiar. Godt å vere ferdig, men sjølvsagt har ein noko blanda kjenser. Eg har alltid vore under utdanning så lenge eg kan hugse, og no er det liksom over? Det seiast heldigvis at det er i starten av arbeidskarriera ein lærer mest. Og det er framleis eit hav av moglegheiter og tid til å studere meir , dersom det skulle passe etterkvart.


Eit lite knippe av avgangskullet på HDH våren 08, iført sin finaste stas

3 kommentarar til “Bachelor i boks”

  1. gratulere som sykepleier sissel!!!god sommer!klem:)

  2. Camilla Seier:

    Fint bilde..:) Yes, bachelor er i boks!! Konge! :)

  3. Takk Silje! Og det er konge ja! :)

Legg att eit svar