Testar som omfatta alle slags personlege og flaue opplysningar vart sendt rundt som varme kveitebollar per e-post på 90-talet. Etter det har det heldigvis ikkje dukka opp så mykje av dette. Men med blogginga har eg likevel observert ein del av dette. Ein vert tagga, og testen er eit meme. Men nok bloggframandord for i dag, lat oss heller sjå vidare på den store kjerring-testen:
Dersom ein svarar ja på fem av spørsmåla kan ein slappe godt av. Svarar ein ja på 5-10 spm, er ein i faresona for å definerast som ei kjerring. Over 10 gjenkjennande nikk viser definitivt at det er fare på ferde, og over 20 positive svar tyder på at ein burde gå av med pensjon, eller for den sags skuld flytte inn på gamleheim.
1. Du bruker mer penger i uka enn i helgene:
Jepp. For det er då eg handlar, og så er det trass alt fem dagar i veka og berre to i helga, så det seier seg eigentleg sjølv.
2. Du har duk og blomsterpotte på TV-en:
Nei, faktisk ikkje.
3. Du rydder jevnlig i dypfryseren:
Må vel verte eit ja her. Ryddar i alle fall i fryseboksa, då eg ikkje har djupfrysar.
4. Du synes det kunne vært gøy å prøve “en sånn hurtigvin”:
Nei, faktisk ikkje.
5. Du vet hva du skal ha til middag på søndag allerede på onsdag:
Må seie nei på dette. Men veit kanskje på laurdagen kva eg skal ha.
6. Du synes fersk gjær er bedre enn tørr gjær :
Vert mykje tørrgjær, men innerst inne veit eg at fersk gjær er best.
7. Du synes middag kl 19.00 er sent:
Ja, det er seint.
8. Du har fem kasser med julepynt:
Har berre ein liten pose. Og den er ikkje her i Bergen eingong.
9. Du kjøper julepynt på salg i januar:
Nei. Det eg har av julepynt har eg fått av diverse gamletanter ol.
10. Du snakker helst med kvinner på fest:
Nei.. begge kjønn (dersom der er begge deler då, sjølvsagt)
11. Du blir lykkelig over en ny kjele:
Ja, det er vel alltid kjekt med slike ting.
12. Du lager pudding eller grateng av alle middagsrester:
Nei, det har eg aldri gjort.
13. Du spiser Kongen av Danmark eller Honningkamfer:
Ja, dersom eg kjem på å kjøpe det.
14. Du spiser alltid rekecocktail til forrett:
Nei.
15. Du synes det er festlig med fiskekabaret:
Nei. Har smakt det, men det er ikkje akkurat så festlig på nokon måte.
16. Du begynner å bruke de broderte dukene som du har fått av svigermor:
Har ikkje fått nokon broderte dukar.. Men eg har hardangersaumdukar som morfar har laga.
17. Du har ferdiglagede middager med på påskeferie:
Nei.
18. Du synes dronning Sonja har mange artige hatter:
Dei få eg har sett er ganske festlige. Men ikkje akkurat trendsetjande for min eigen del.
19. Du går med lysebrune nylonstrømper til skjørt:
Nichts.
20. Du har tellekant på trusene:
Dei ligg nedi skuffa, så det er lite vits i.
21. Du har brettede plastposer i vesken i tilfelle du skal handle noe:
Ja, samlar på plastnett, men dei er ikkje bretta saman.
22. Du sjekker kølappen på polet hver gang det plinger:
Hugsar aldri talet når eg kikar ned på det, så gjer vel det.. på postkontoret eg har mest erfaring med slikt..
23. Du tar bilde av din praktfulle balkongkasse og viser det fram på jobben:
Nei, dårleg med blomsterkasser for tida. Har kaktusar og grøne inneplanter, og er nøgd med det!
24. Du synes det er for sent å gå på nier’n på kino:
Stort sett ikkje.
25. Du får såpe i julegave:
Det skjer. Kanskje oftast heimelaga og den slags.
26. Du plukker bort støv og hår fra andres klær uten baktanker:
Ja, det trur eg. Særleg hår.. Men ikkje på totalt framande.
27. Du bruker samme tepose to ganger:
Det vert eit tja. Som oftast ikkje, men det hender.
28. Du har med pute når du skal kjøre langt i bil:
Pute eller pledd kjem godt med. Men trengs ikkje om eg sjølv skal køyre.
29. Du melder deg inn i bokklubben bare for å få kaffeserviset:
Jepp. Har berre skjedd ein gong då.
30. Du har våtservietter i bilen:
Har ikkje bil no, men det hadde eg sikkert hatt.
31. Du soler deg i vanlig BH:
Ja, dersom sola uventa dukkar opp.
32. Du danser swing til all slags musikk:
Nei. Dansen må sjølvsagt tilpassast musikken ;)
33. Du svømmer som en hund for ikke å bli våt i håret:
Nei, heldigvis ikkje.
34. Du kjøper “gode” sko:
Ja, klart det!
35. Du har paraply i håndvesken:
Ja, sidan det nesten alltid regnar i Bergen.
36. Du tar selv initiativ til slektsstevne:
Det er det andre i slekta som tek seg av.
37. Du tar vare på tomme rømmebokser og syltetøyglass:
Ja, ein del sylteglas og isbokser. Isboksene får ein bruk for når ein skal ha med seg bakst og liknande ting, men sylteglasa vert ikkje brukt.. Berre ein husmorvane.
38. Du bruker sukkerbit til kaffen :
Nei, men hadde eg hatt det tilgjengeleg kunne det kanskje vore aktuelt.
39. Du serverer fyrstekake, rullekake, smurt lefse eller smultringer når du inviterer til kaffeselskap:
Tja.. ikkje akkurat desse sortane. Men i alle fall noko godt attåt!
Såvidt eg kan telje, vart dette 20 positive svar for min del. Anten kan eg bruke resten av livet til å bearbeide dette biletet, eller så spørst det om ein ikkje heller kan sjå det positive i det? Litt kjerring skadar vel ingen? ;)












