
Endeleg var det atter på tide å reise ein tur til hovudstaden for å treffe kjende og kjære og få med seg litt konsertar/kulturelle innslag. Eg budde hjå min ex-sambuar Andrea og resten av hennar gjeng på Marienlyst. Dei skal ha stor takk for si store gjestfriheit for hostell-verksemda denne helga. Opptil 4-5 personar ekstra budde hjå dei per natt i 5-roms leiligheita (!). Beklaglegvis vart det ikkje dei beste bileta frå turen. Eg vel å skulde på at Andy har kjøpt seg nytt speglreflekskamera, og at eg knipsa meir med det kameraet enn mitt eige ;)
Fredag var duka for Coldplay-konsert i spektum. God stemning og god variasjon i låtane. Herlig å endeleg få sjå dei spele live :)
På laurdagen hadde me den store Which Witch-dagen med gjengen heimanfrå. Først framsyning av vår eigen musikalvideo frå vidaregåande, taco og mykje lått og løye før me gjekk ut og såg musikalen på det Norske Teatret. Monolittvegen-gjengen hadde låst seg ute, så der kom eg aldri lenger enn til døra..

Søndagen gjekk med til litt ymse besøk til vennar, restaurant og storsalen. Måndag var det tilbake på flyet til Bergen etter ei småhektisk, men strålande helg i Oslo!

