Seier “Fox River” deg noko? Eller “Sona”? Vert du ein smule oppgitt når du tenkjer på “The Company”, eller får frysningar nedover ryggen når du ser for deg ledaren; General Krantz? Kanskje synast du at det er særs romantisk med ei rose bretta i kunstforma origami. Eller ringer det ei bjelle når eg nemner fugleboka eller “Scylla”?
Dersom dette høyrest gresk eller urdu ut for deg, er det heilt akseptabelt. Då har du ikkje vorte introdusert for den amerikanske tv-seria “Prison Break”. Og det er nok veldig sytalaust for deg. Då slepp du dei negative konsekvensane av å måtte følge med på ei slik serie på tv.
For min eigen del vart eg hekta då fjøstøsene såg første sesong av serien i 06/07. Den første sesongen vart slukt som heimelaga pizza på ein laurdagskveld. Nummer to gjekk vel også relativt greitt ned. Sesong tre var kort og grei, men både eg og MB. følte ikkje den var heilt på topp.
No har då fjerde og foreløpig siste sesong nyleg starta. Og eg har store forventningar til at det skal verte ein bra sesong. Når ein dessverre først er bitt av basillen, kan ein nok ikkje unngå å synest det er spanande å følge med. Moral, grad av klisjé og kvalitet kan sjølvsagt diskuterast i det uendelege. Men underhaldning er det i alle fall.

