
Det har snødd her i Bergen i helga. I går då eg gjekk heim frå sentrum kom eg til å tenke på brøytebilen. Eg var redd den då eg var liten. Brøytebilen var ei skremande maskin, gul og enorm med ein stor plog. Eg holdt faktisk på å stryke med ein gong plogen kom. Den køyrde i rasande fart, og eg kom meg nesten ikkje over dei meterhøge brøytekantane for å søke ly.
Åra hat gått, og eg er eigentleg ikkje redd brøytebilen lengre. Her i Bergen er brøytebilen heilt ufarleg. Den er liten, gjerne berre ein av dei minste traktorane eller ein firhjulstrekk med plog. Ingen skikkeleg brøytebil med andre ord.
Hadde eg budd i Bergen som barn, hadde eg sikkert aldri vore redd brøytebilen.

