Det er visst berre dagen før dagen at eg får anledning å blogge i denne søte juletid. Det var kjekt å kome heim til familia igjen. Det har vore som jula brukar å vere, med mykje god mat, godt samvere og alt for mykje varme i peisen. No nærmar det nye året seg med stormsteg. 2009. Det har jammen meg snart gått 10 år av den nye årtusenet. Tida går, og den går som vanleg fort.

Heidi, Runar og eg i harmoni før vi banka kvarandre, jula 04 (då det var snøv i motsetnad til i år)
Eit lite oppsummerings og sjå-framover innlegg kjem nok snart. Enn så lenge vil eg få ynskje (alle) mine blogglesarar eit godt nytt år!
