Arkiv for januar, 2009

Ut med George, inn med Barack

Posted in Kvardagsliv on 22 januar, 2009 by Sissel

George W. Bush si tid som president er ved vegs ende. Og ein ny kar, Barack Hussein Obama tek over. Han har gått til val med slagordet “Change”. Og det er mange, ikkje berre i USA, men i heile verda som håpar på endring. Det er mykje som ikkje er bra i verda, og som treng å endrast.

bush-guitar3

barack1

Men sjølv om presidenten i USA har enorm makt, så synast eg Kofi Annan hadde eit godt poeng her om dagen; Vi må alle hjelpe Obama med å senke forventningane våre. Han er ikkje Messias, han er berre ein vanleg mann som deg og meg..

Over 11 000

Posted in Kvardagsliv on 20 januar, 2009 by Sissel

Det er rart med det kor tida går. No er vi snart ferdig med første månaden i året allereie. Eg har brukt tid til å organisere bilete i det siste, og tenkte eg skulle legge ut eit par frå mi karriere som barnepassar i jula. Totalt har eg 11 200 bilete på min nyinnkjøpte harddisk. Og fleire er på veg. Herlig å organisere litt! :)

bilde-200
Fadderbarnet mitt Nathalie har vorte stor sidan sist eg var heime :)

bilde-237
Don’t mess with me

Influensa

Posted in Kvardagsliv on 9 januar, 2009 by Sissel

Endeleg har eg vorte frisk nok til å kunne oppdatere bloggen med nokre ord. Å vere sjuk er det verste..

Det begynte med litt murring vesle nyttårsaftan. Like etter forrige blogginnlegg faktisk. Så sneik feberen seg på. Og halsen vart smertefull, samt resten av muskulaturen. Etter nokre dagar slik, vart det meir og meir snørr og gørr frå øvre luftvegar. Og stadig ein slappare kropp. Kvalme og lita matlyst bana seg også fram. Eg drøymer vanlegvis (nesten) aldri, men denne veka har eg hatt så mange feberfantasiar at eg har vore heilt utslitt. Men heldigvis etter 8 dagar kan eg seiast å vere friskmeldt. Går nesten på veggane etter å ikkje ha vore på jobb på lenge, men kva anna kan ein gjere når ein nesten ikkje klarer å gå ei runde rundt kvartalet.. Hadde sjansen til å ta influensavaksina, og gjett kven som angrar no. Håpar folk slepp å verte sjuke i det nye året. Ein lærer i alle fall å setje pris på god helse!