Arkiv for februar, 2009

Hvis du vil

Posted in Dikt og datt on 24 februar, 2009 by Sissel

- av Rolf Jacobsen, frå “Tenk på noe annet” (1979)

bilde-111

Har du varme

nok?

Du har.

Søvnen, tankene

er gitt deg gratis.

Men varmen i deg

må du gi

og gi igjen.


Også du

kan si et ord om glede.

Du har en hånd,

varm,

hvis du vil.

Vakker vinter

Posted in Kvardagsliv on 12 februar, 2009 by Sissel


Både kråka og me andre set pris på ein sølgløtt

Bergen har hatt mykje fint veir i det siste, og vore snølagt i ei veke no. Det er herleg at landskapet er kvitt, og at snøen knakar under føtene når ein går. At den ikkje regnar vekk så snart neste dag kjem. Veiret skal visst halde seg kaldt til og med helga. Og neste veke kjem mildveiret.

bilde-023
Kakao på Fløien

bilde-036
Månelyst utanfor soveromsglaset

bilde-0531
Kven kan vel mislike istappar?

Neste stopp; Lillehammer og Oslo

Posted in Kvardagsliv on 2 februar, 2009 by Sissel

I forrige veke var eg på ein liten rundtur for å treffe gamle kjente.  Der var det 8 festglade jenter frå fhs som møtte meg. Me budde hjå R. i eit hus langt utanfor allfarveg i snøfylte Lillehammer.

Herlig å treffe igjen nokre gode venar som ein ser alt for sjeldan, og minst like kjekt å sjå igjen personar ein ikkje har hatt kontakt med på fleire år!

bilde-054
Tre gode vener

bilde-063
God stemning

bilde-098
Ja, det er Tommy S.

Turen gjekk vidare til Oslo. Der budde eg med min kjære ex-sambuar og Gjøvik-jentene. Kjekt å vere der i veka, og sjå litt kva kvardagslivet i tigerstaden inneheld. Det vart tid til eit realt sunnmørstreff i Monolittvegen, cafébesøk, teatersport og rolige heimekveldar med bakst og te. Ein god husmorferie hjå vener er ikkje å forrakte. Ein får berre glede seg over godene ved å arbeide turnus og ha lengre friperioder :)

bilde-107
Ø. gjer eit forsøk på tafsing

bilde-119
Feed og Andy er godt nøgde med teatersportkvelden

bilde-120
Über-urbane med kakao i termoskopp