Det er den draumen me ber på
Det er den draumen me ber på
at noko vidunderlig skal skje,
at det må skje -
at tidi skal opna seg,
at hjarta skal opna seg,
at dører skal opna seg,
at kjeldor skal springa -
at draumen skal opna seg,
at me ei morgonstund skal glida inn
på ein våg me ikkje har visst um.
- Olav H. Hauge
19 mars, 2009 kl. 8:15 pm
Fine ord i ei fin tid;)
Gler meg til å treffe deg i helga!
19 mars, 2009 kl. 11:17 pm
Så fint dikt :) Du er skjønn! Må møte dykk snart igjen eg ;)
23 mars, 2009 kl. 12:52 pm
Takk det samme til dokke begge! :)