Den store nasjonalhelga!

Helga som var ferierte Tore og eg heime i Ørsta. Det kunne ikkje ha vore ei betre helg å vise fram fagre Sunnmøre til min kjære på. Strålande veir, natur i full blomst og nasjonalkjensla på topp; alt frå Grand Prix-siger til feiring av 17.mai.

Bilde 254

Croquet i hagen, eg tek bilete medan dei andre arbeider..

Bilde 257

Pappa og Mamma heiar inn Alexander på laurdagen. Nokon som er lei Fairytale? Eg er i alle fall det.

Bilde 312

Vi fekk låne Nathalie litt ;)

Bilde 298

Familieselskap på Mo

Takk for ei fantastisk helg, godt å vere samla med kjente og kjære i heimtraktene igjen. Så får vi sjå når det vert ein tur nordover igjen.

Ei tilbakemelding til “Den store nasjonalhelga!”

  1. Åh, eg trur de hadde ei fin helg på Sunnmøre, eg:)

    Eg er ikkje lei av Fairytale enno. Men eg kjem nok dit etter kvart. Men du kor kjekt det var å sjå Noreg knuse resten av Europa.

Legg att eit svar