Julegåveliste 2009

Jula nærmar seg, og eg har allereie fått mange spørsmål om kva eg ønskar meg. Eigentleg skulle eg gjerne berre ha sagt “snille ungar”, slik som alle vaksne gjer, men dette er ikkje akkurat aktuelt. Eg har i midlertid nokre ting eg kunne trenge, og sjølvsagt kanskje ting som er midnre viktige. Men heldigvis er ting og gåver ikkje det vesentlege her i livet.

Etter litt press, har eg no bestemt meg for å leggje ut ønskelista mi på nett. Litt vanskeleg, sidan det på ein måte går i mot mine prinsipp mot det kapitalistiske jaget og den store kjøpefesten som jula er. Men på den andre sida, er eg så priviligert å ha nokon som uansett kjem til å kjøpe gåver til meg. Og då er det kanskje betre at det er ting ein kan ha meir bruk for. Men det må presiserast at ALT takast i mot ved hjarteleg takk! Og gjerne heimelaga, gjenbruk eller gåver til andre som har det dårlegare enn meg! 
Uansett, lukke til med alle førebuingar som skal gjerast. På dagen 2 månadar igjen no ;)

1. Nye fjelljoggesko (etter mange års bruk går mine gamle straks i oppløysing)

2. Ymse spel (td. kunnskapsspel, passport, bohnanza, ticket to ride som nokre døme)

3.  Wokpanne

4. Ei gåve for kan forandre verda (td. Kirkens Nødhjelp , Redd Barna eller Kirkens Bymisjon)

5. Heimelaga er alltid bra! (Eit heitt tips er at eg manglar tøfler no i desse kalde tider)

6. Primus og bålsteikepanne

7. Hobbybøker, klassikarar eller andre kjekke bøker

8. Kunstbilete (Kristine tipsa meg om kunstnaren Rigel Suari, sjekk ut eit av mine favorittar her.)

9.  Swiss kniv/leathermankniv, i ekte MacGyver-stil

10. Vaffeljarn (for å glede dei rundt meg)

4 kommentarar til “Julegåveliste 2009”

  1. Eg ser at vi har skrive ønskeliste omlag på samme tid. Du posta di i går og eg mi i dag tidleg. Vittig at vi har skrive mykje av det samme, ikkje på lista, men i teksten! Vi tenker visst likt:)
    Gåva til deg er under utarbeiding. Juleførebuing er kjekt!

  2. Ja, eg ser det! Fekk enda fleire gode idear når eg såg lista di. Du får kose deg så mykje framover med juleførebuingane ;)

  3. Her var jo litt av kvart å velge mellom!

  4. Tore; frå deg ønsker eg meg aller helst noko heimelaga. Det vere seg stikka/hekla eller sydd! ;D hihi..

Legg att eit svar