Haustveir

I dag er det skikkeleg haustveir ute. Med mykje vind og mykje regn. Nedanfor ser du kanskje ikkje den beste illustrasjonen. Men regnbiletet av sauene er allereie brukt opp, så då får vinden stå for tur.
Bø og Bæ i vinden
I slikt veir er det best å halde seg inne. Og kveikje teljos. Og drikke kaffi medan ein kosar seg med besøk og brownies. Hausten kan vere rett så triveleg også.

4 kommentarar til “Haustveir”

  1. Ja, det er kjekt med dårlig vær, når ein kan komme på besøk å få gode kaker og godt selskap!:-)

  2. Det som iallefall e sikkert e at det hjelper dårlig med knallvær når en må sitte på en datasal til mørkets frembrudd og vel så det, for så å returnere til en kald hybel! Men har no våre stunder her i Trondheim og :)

  3. Eg har no alltid sagt at hausten er fin, og eg synest me har vore flinke til å gjere han ekstra bra desse siste dagane. Eller; eigentelg synest eg me har vore flinke å gjere heile hausten fin. Måtte fortsetjinga verte like bra.

  4. T. og K: Så sant, så sant! ;) Og Åsmund: Ta med nokre stearinlys og bakst på lesesalen, så vert det koseleg der også! Og me gler oss til besøk om nokre veker!

Legg att eit svar