Globus 2

Når eg var yngre hadde eg svært lyst å reise rundt i verda som reportar/stemma bak dei store naturprogram. No i dag er reiselysta der framleis, men kanskje ikkje like uttalt, og i alle fall meir realistisk. Men i det lange livet ein forhåpentlegvis får, vert det nok ein del reising. Tore og eg har mellom anna ikkje bestemt oss for bryllaupsreise enda. Truleg vert den ikkje så lang, og ikkje så fjern, for i år er nok ikkje rette tida for dette. Men ein skikkeleg eksotisk tur må gjerast før åra går frå oss!


Den gamle og noko utdaterte globusen frå pappa gjev inspirasjon

Jubileum

I dag er det kvinnedagen, så eg får vel gratulere alle kvinner. Og i morgon, er det alle menn, eller?

Uansett har Tore og eg 2 års jubileum i dag. Tenk at tida har gått så fort! Dagen vert feira med ein betre middag :) Ellers ser det ut til å vere storm utanfor, det riv og ruskar godt her oppe i blokka. Ein skikkeleg vindutsatt plass! Håpar heller på betre veir snart, eg vil ha skikkeleg vår!