Då var det igjen tid for adventsmånaden, julemånaden. Fylt av varme, glede og stearinlys. Familiehygge og gode middagar. Forventningar og spenning. Stillheit og kram snø. Mandarinar og godteri.
Men dessverre også ei ekstra sterk kjensle av einsemd, utryggheit og uro for nokre. Måtte desember bringe med seg meir omsorg, openheit og varme. Og lat oss ikkje hige etter alt det materielle. Eg håpar vi kan prøve å gi ei julegåve som verkeleg trengs, støtte opp om gode og bærekraftige tiltak og gi til dei som treng det meir enn oss.
Trykk på linken for å høyre ein flott versjon av ein av dei vakraste julesongane eg kjenner til; Mitt hjerte alltid vanker.
Bugge Wesseltoft