No har det vore lange dagar i heimen. Først var Tore sjuk med influensa/forkjølelse då vi var i Riga. Så vart eg smitta då vi kom heim igjen. Han er heldigvis frisk og rask igjen!
Dagane starta med verk i kroppen, høg feber og tett nase. Det utvikla seg vidare til ein kraftig bihulebetennelse. Eg vart først sjukmeldt ei periode av fastlegen. Då det hadde gått rundt 10 dagar utan bedring, fekk eg heldigvis kome til ein Øre-nese-hals-spesialist. Vart satt på ein kur med antibiotika og Prednisolon, og vidare sjukmeldt i 10 dagar. Så dette er visst seige saker..
Har den siste veka vore bedre i forhold til allmenntilstand, utan feber. Gradvis mindre snørr og nysing, men framleis sterke smerter frå bihulene og litt hosting. No prøver eg gradvis å kome meg litt i aktivitet heime, utruleg korleis det spelar inn på allmenntilstand og konsentrasjon. No er det berre å ta resten av veka til hjelp, og bli heilt frisk igjen! Håpar aldri eg vert ramma like hardt av dette ein gong til.
Siste oppdatering: Sjukdommen slepp ikkje heilt taket, så no er det ny behandling og nokre nye dagar som sjukmeldt framover.
Klikk her for ein animasjon frå Norsk Helseinformatikk.
Isen på verandaen vår har smelta gjennom dei lange dagane eg har holdt meg inne. Våren er på veg :)